Sidemeny+
Read more

Bygdesongar er ikkje uvanlege på våre kantar, for det er mange som har kombinert kjærleiken til heimbygda med evna til å dikte. Dette er også tilfelle i Bøfjorden.
Teksten vart skriven av Halvor Nygård som var dyrlege, og tonen laga Olav Førsund som var lærar i Leirvik. Både Halvor og Olav budde i Bøfjorden.

Read more
Read more

Olav Bruknapp var ein omtykt sokneprest i Hyllestad. Han budde på prestegarden Myklebust frå mai 1957 til mai 1967. Ved sida av å vere ein omtykt sokneprest, var han ein ivrig politikar og ordførar. Han sat i ordførarstolen i Hyllestad frå 1. januar 1960 til 1. april 1966. Bruknapp kjempa også for å betra kommunikasjonen i kommunen, og fekk fullført vegen mellom Øn og Hyllestad, og starta utbygginga av Rysjedalsvika som trafikknutepunkt i Ytre Sogn.
Nedanfor følgjer ein song har skreiv om dei ulike grendene i Hyllestad.

Read more
Read more

Russehola

13. sep 2005 by

Russehola er ei fjellhole som ligg 300 moh mellom gardane på Sande og Devik. Hausten 1944 var det  30 – 40 russiske soldatar i fangeleir på Sandane. Fire av desse greidde å rømme den hausten og dei gøymde seg i Russehola heile vinteren og fram til krigen var slutt.  Du kan lese heile historia på denne linken.

Read more
Read more

Ymse namn på Lifjellet og terreng- og bergformasjonar der kan setje fantasien i sving. Namn som Lihesten, Gygrekjeften, Gygretanna og Trollbotnen kjenner mange til, og det er nok grunnar til at stadane vart heitande slik.
Midt på nittitalet skreiv ein elev på ungdomstrinnet ved Hyllestad skule ned ei segn om kva tilhøve til tussar og troll kunne ha å seie når plassar skulle namnsetjast.

Read more
Read more

Ein ungdomsskuleklasse på Hyllestad hadde skuleåret 1989/90 eit prosjekt om segner. Nokre av desse segnene vart prenta i «Årbok frå Sogn 1990». Denne spennande historien vart nedskriven av Janne Grethe Stigedal og Monica Rønneseth.

Read more
Read more

Like før du kjem til Kleivedammen og nedkøyrsla til Sandane frå Breim, står eit informasjonsskilt. Stoppar du ved skiltet, går det ein kort veg opp til den store jettegryta med ein diameter på heile 11 meter.

Read more
Read more

Dua

28. okt 2003 by

Due-eggja, den særmerke fjell ryggen på grensa mellom Sunnmøre og nordfjord, er ikkje berre som ein merkjestein mellom to fylke, i alle fall ikkje i medvitet til dei som bur i nærleiken. Dua, som er namnet i daglegtalen, har også vore valplass for mindre fredlege oppgjer mellom sunnmøringar og nordfjordingar…

Read more
Read more

På Midthjell stod det før eit stort steinkors, men det vart i 1831 etter påbod frå biskop Neumann gjeve til Bergens museum, der det no er å finna. Det stod i sjøen nedanfor garden ,og var berre synleg i fjøre sjø, då steig det av sjøen tildekt med tang og tare. Etter segna stod det før høgare opp i bakken, og der hadde det stått i uminnelege tider. Men så var det fortalt at det eingong budde ein fut på garden vesle-Davik, der det heiter Frimannslund, på den andre sida av fjorden. Han sette seg føre at han ville ha dette minnesmerket heime hjå seg…

Read more
Read more

Li

1. okt 2003 by

Naturskildrande gardnamn er dei eldste namna i Noreg. Dette tyder på at garden Li er svært gamal.

Read more
Read more

Vegen ned frå Sværaskaret var vanskeleg fleire stader. Han kunne vera so trong at berre eit beist kunne passera om gongen. Om lag midt i skaret var Idlasvaet. Det var eit sleipt og skrått sva.

Read more
Read more

I Sværaskaret finn me minnesmerket over Hugleik Tungøen frå Olden. Hugleik hadde fare den lange vegen frå Olden til København for å bera fram klage på prosten i Innvik. 8 dagar før jul i 1706 tok han ut frå Sværen, onnig etter å nå heim til julefred. Han nådde aldri Olden.

Read more
Read more

Ein gang Albert Tveit gjekk i skogen, fann han kol og brende stokkar om lag 800 meter oppe i lii under Perskredfjellet. Då vakna tankane om denne segni som Hans og Kari Skrenes hadde fortalt.

Read more
Read more

Rognaldstjørni har fått namn etter Rognald Hagen som budde på Bruhjell. Han hadde sagbruk i Skåsheimselvi. Når det var lite vatn i elva, gjekk han fram til Rognaldstjørna og sleppte meir vatn ut gjennom ei demning han hadde laga.

Read more
Read more

Her renn vatnet frå Fagravatnet over nokre svadberg, og det er svært lett å påverka vatnet mot Tuftedalen eller Skåsheimsdalen. Det har vore strid om dette vatnet. Ei gamal segn fortel om drap på grunn av dette. Sjå artikkel om Vasskiljet.

Read more
Read more

Keipen

19. aug 2002 by

Fjelltopp på 1426 meter. Bakom Keipen, inn mot Bjørnabreen er det 1464 m.o.h. Frå Balestrand ser fjellet ut som ein båtkeip, og det er grunnen til namnet. Keipen er høgste fjellet kring Balestrand og Esefjorden, og har vore eit turmål for folk i bygda.

Read more
Read more

Nær toppen av Raudmelen, mellom eggi mot Ese og øvst i Blåhellegjelet er det eit søkk i lendet eller ein liten dal. Dette vert kalla Kambaholene. I eldre tid hadde dei det merke at når siste snøfonna her var på storleik med ei ku, då tok det til å verta beite (verta bue) i Langedalen, og dei kunne ta til å tenkja på å buføra dit.

Read more