Sidemeny+
Read more

Eitorn skule

18. mai 2016 by

På Eitorn skule gjekk borna frå Eitorngrenda og Hella på skule. Det gamle skulehuset vart sett opp ca 1880 og står framleis i dag. Skulehuset vart sett opp på garden Vestreim og vart overdrege til garden då skulen vart lagt ned. I 2006 vart huset gitt til Eitorn grendalag som har restaurert huset.

Read more
Read more

I vikingtida var det mange langskip, som for forbi den vakre bygda Hyrrokkinir. Ein dag kom Gladværskongen,og han hadde med seg mykje av verdi. Han blei illsint då han vart rundstolen av nokre kjeltringar.

Read more
Read more

Losjen er ein del av IOGT som står for International Organisation of Good Temlars (Godtemplarordenen). På Dalsøyra var det to losjar. Barnelosjen heitte Bløming og den vaksne losjen Me Vil. Møta vart haldne i klasseromma på gamleskulen. Barnelosjen hadde møte på søndagar ein gong i månaden.

Read more
Read more

Fram til om lag 1900 var skikken på Voss at både kvinner og menn reid i brureferd både til og frå kyrkje.
"Det skrider framom eit brudlaupsfylgje
med koneskaut og med gylte sylgje,
og blanke hestar med folk i salen.
Eit vakkert opptog i bygdedalen."
Slik er fyrste verset av diktet "Ridande vossabrudlaup" av Arnfinn Gjeråker.
 

Read more
Read more

I gamle medlemsblad frå lag og organisasjonar kan du finne mange gode soger som i utgangspunktet verkar nokså truverdige. Sanne kan dei også vere, medan somme av dei har mykje av vandrehistoria i seg. Her kjem ein historie frå Bøfjordingen, nr. 2 – 1997.

Read more
Read more

Gamalost er eit sterkt prov på den vestlandske optimismen og framtidstrua, i følgje nettsida til gamalostfestivalen. Gamle tradisjonar kombinert med ny kunnskap er viktige deler i produksjonen av denne særmerkte osten, som altså har sin eigen festival kvart einaste år i kommunen Vik i Sogn og fjordane.

Read more
Read more

Barnehagane i Leikanger har hatt fokus på mat og helse dei siste åra. Dette året er satsinga fisk og opplegget har vore felles for alle kommunale barnehagar. Det er dei eldste borna (femåringane) som har delteke i arbeidet. Den viktigaste samarbeidspartnaren har vore Jakt og Fiskelaget og fylkessatsinga Fiskesprell.

Read more
Read more

Året er 1978. Den fyrste Åfjorddalsrevyen skal setjast opp. Då skreiv Kjell Solheim ein song til revyen, kalla «Kjærleiksvise til Åfjorddalen». Denne songen skulle vise seg å verte så populær, at den blei ein lokal hit på ulike arrangement.

Read more
Read more

Borgny Hatlem voks opp på garden Straumsneset i Lifjorden. Denne garden Ligg ved austre Listraumen og dei måtte i båt for å koma seg over til Risnes med butikk, post og dampskipskai. I samband med fredsjubileet i 1995 vart ho intervjua av barnebarnet sitt, Stian Hatlem, om opplevingane sine under andre verdskrigen

Read more
Read more

Mary Rye, f. Bjørnestad, vart født i Lexington i USA 31.12.1898. Ho kom til Noreg saman med foreldra og storebroen då ho var 9 månader gammal. Dei flytte tilbake til Skifjorden der faren hennar kom frå. Seinare fekk ho to brør til.
Fordi faren vart sjuk, busette familen seg på Bjørnestad i Noreg. Dei hadde seinare tenkt å flytte tilbake til Amerika, men dette vart det aldri noko av.

Read more
Read more

Mange kjenner til at det er eit bjørnehi i Stryn, og plassen vert vitja av både barnehagar og skular i Stryn. Plassen ligg på eit høgdedrag nordaust for Øvrebergssetra, omlag 1 km vest for Tonningssetra. Store steinar som ligg att frå issmeltinga frå tidlige isbrear, har laga ei stor hole med opning i begge kantar. Naturen og historia som høyrer til staden, gjer at Hidehogen er eit ynda turmål for barnehagar og skular i Stryn kommune.

Read more
Read more

Vi var på tur til Bolkevikja. Etterpå laga vi skodespel om korleis folket i Bolkjevikja kunne ha vore, dersom dei hadde eksistert. Persongalleriet hadde vi fått av læraren, og av elevar som hadde laga skodespel om det same i 2003.

Read more
Read more

Sagaøya Kinn

15. mai 2008 by

Øya Kinn ligg 15 km rett vest for Florø og er lett gjennkjenneleg med sin ville, frodige natur, bratte fjellsider og ikkje minst Kinnaklova, som har vore eit landemerke for fiskere og sjømenn i uminnelege tider. Men øya skjuler og ein spennande historie med sagn om helgener og om korleis den vakre, gamle steinkyrkja frå 1100-talet vart bygga akkurat her.

Read more
Read more

Mattradisjonar er ein del av kulturarven vår, og difor viktig å kjenne til. Mange av dei gamle bakaromnane er borte, men nokre er restaurerte og tekne i bruk. Eg har ein vedfyrt bakaromn i uthuset. Lukta av nybaka brød skaper hyggje og stemning. Brødbaking på gamlemåten er både tradisjonsbering, skapande aktivitet og rekreasjon.

Read more
Read more

Eikefjordstøylen er i dag eit mykje brukt turmål både for skuleelevar og bygdefolk. Bak nokre av dei raude skilta oppover liane, ligg det historier som fortel litt om alvoret bak stølsdrifta for over hundre år sidan.

Read more
Read more

Slåtten skule ligg i dag på ein stad der det tidlegare vart driven ein gard. På garden Slåtten var det som på dei fleste gardane mange stadsnamn. Klasse 4a jobba hausten 2007 med å interpretere desse namna og historiene bak. Prosjektet var eit entreprenørskapsprosjekt som hadde som mål å auke elevane sin lokalkunnskap om nærområdet sitt.

Read more
Read more

I kvar bygd gjekk det før mange skoser og småsoger om høg og låg, gamal og ung. Når det i tillegg fanst mange framifrå forteljarar, held desse historiane seg lenge på folkemunne. No i dag står ikkje den munnlege forteljartradisjonen så sterkt; vi vert lett passive mottakarar. Men tidene kan endre seg, og i tillegg er det mange som er opptekne av det som har vore. Difor tek vi med denne skosa om presten og skysskaren hans.

Read more
Read more

Ved Hyllestad skule var det lenge sjølvsagt at alle ungdomsskuleklassar hadde bak seg overnattingstur på Lifjellet. Dette var opplevingsturar som visseleg vert sitjande lenge i minnet til både lærarar og elevar. Hendingar frå turane kunne leve vidare i både forteljing, dikt og bilete. Ein slik tur eg var med på i 1991, kjem eg aldri til å gløyme.

Read more
Read more

Det var eingong det budde ei gygr på Nonhaugen. So var ho bedi i på Engjafjellet. Ho tok då ein stor stein i forkledet sitt og skulle ha til faddergåva. So skulle ho hoppa frå Nonhaugen og bort på Engjafjellet. Men so rauk forklebandi og steinen datt ned. Gygri klarte so vidt å koma seg over dalen.

Read more
Read more

Det var eingong det budde ei gygr på Nonhaugen. So var ho bedi i på Engjafjellet. Ho tok då ein stor stein i forkledet sitt og skulle ha til faddergåva. So skulle ho hoppa frå Nonhaugen og bort på Engjafjellet. Men so rauk forklebandi og steinen datt ned. Gygri klarte so vidt å koma seg over dalen.

Read more