





Borgny Hatlem voks opp på garden Straumsneset i Lifjorden. Denne garden Ligg ved austre Listraumen og dei måtte i båt for å koma seg over til Risnes med butikk, post og dampskipskai. I samband med fredsjubileet i 1995 vart ho intervjua av barnebarnet sitt, Stian Hatlem, om opplevingane sine under andre verdskrigen

«Den 7.april 1945 var ein vakker vårdag, og inst i Vadheimsfjorden hadde fire tyske fartøy ankra opp. Eit alliert speidarfly oppdaga båtane, og frå basar i Storbritannia vart 21 Beaufighter jagarbombefly, eskortert av Mustang jagarfly, sende mot Vadheim. Ut på ettermiddagen startar angrepet og ein av båtane vert treft av fleire rakettar, og forliser. På Herdla går alarmen, og tyske jagarfly frå 9. Staffel går på vengene. Fire Mustang-fly ligg som sikring i ytre deler av Sognefjorden, og klokka 16.40 oppstår det over området Hyllestad-Lavikdal ein luftkamp mellom allierte Mustang og tyske Focke Wulf jagarfly.»

Mary Rye, f. Bjørnestad, vart født i Lexington i USA 31.12.1898. Ho kom til Noreg saman med foreldra og storebroen då ho var 9 månader gammal. Dei flytte tilbake til Skifjorden der faren hennar kom frå. Seinare fekk ho to brør til.
Fordi faren vart sjuk, busette familen seg på Bjørnestad i Noreg. Dei hadde seinare tenkt å flytte tilbake til Amerika, men dette vart det aldri noko av.



For dei lokale innbyggjarane i Måløy vart livet snudd på hovudet då tyskarane kom i 1940. Det var mange restriksjonar, og torgkaia vart avsperra med gjerde og piggtråd. Folk kunne ikkje ferdast fritt, og dersom Måløyværingane skulle ut av Måløy sentrum, måtte dei vise eit grensebuarbevis ved vaktpostane. Der var det også miner i veien, så ein måtte passe seg for kvar ein gjekk.









Fresvik har i dag eit flott idrettsanlegg som i dag består av ein stor grasbane med laupebane med grusdekke og eit stort og flott klubbhus. Idrettslaget har og to hytter, ein av dei med uthus. Dei har også lysløype i Fresvik. Idrettsplassen har gjennom alle år vore ein samlingsplass for unge og gamle. Det har og vorte arrangert mange store stemne på nettopp idrettsanlegget. Men idrettsanlegget har ikkje alltid vore som i dag. Den har blant anna blitt teken av flaum og totalt øydelagt to gongar på den 86 år gamle historia til idrettslaget.

Fresvik-bygda opplevde natt til 11. september 1982 den verste flaumen sidan 1938 då Fresvik-elva gjekk flaumtung og gjorde store skadar. Flaumvatnet raserte idrettsplassen og gjorde store skadar på industriområda ved Fresvik Produkt. Oppe i dalen vart fleire bruer sopte vekk av den flaumstore elva.

Fresvik-bygda opplevde natt til 11. september 1982 den verste flaumen sidan 1938 då Fresvik-elva gjekk flaumtung og gjorde store skadar. Flaumvatnet raserte idrettsplassen og gjorde store skadar på industriområda ved Fresvik Produkt. Oppe i dalen vart fleire bruer sopte vekk av den flaumstore elva.

Sentrum IL vart skipa 4. februar 1950. Det gjekk heile 25 år før laget hadde idrettsanlegg dei kunne nytta. I mellomtida måtte utøvarane greie seg med dei arenaer som fanst i naturen: skog, myrar, sletter og toppar til o-laup, terrenglaup, terrengstafettar og skiløyper. Toppar til fjelltrim, vatn og sjø til symjing og skeiselaup.


Det er mange år sidan budeiene budde på støylane for å mjølke kyrne om somrane, men Savlandsstøylane vert framleis brukt den dag i dag. Om somrane går det fleire saueflokkar, og nokre ungdyr her. Det fins fleire vatn i området, der det er fint både å fiske med stang og setje garn, og bade når det er varmt om sommaren. Mange reiser opp for å plukke blåbær og molter rundt støylane, og ein kan jakte på hjort og fuglar i området.

I 2002 vart Leirvik skule nedlagd og etter det nytta som barnehage. Det tok nokre år før det vart rydda ut or alle rom, skuffer og skåp. På loftet som tidlegare vart nytta som elevinternat og seinare som handarbeidsrom, låg det ein modell av ein hovudskalle i ei pappøskje. Som lærar gjennom mange år i kommunen sette eg denne i samband med ein tekst eg for fleire tiår sidan hadde lese i skulebladet «Heim og Skule». Høyr no berre her !

Midt på nittitalet gav ei elevgruppe ved Hyllestad skule ut ei avis dei kalla Gygrekjeften. 8. mai 1995 kom det ut eit jubileumsnummer med tema: 50 år med fred.
På dei 60 sidene kan vi finne mykje lokalstoff frå siste verdskrig nedskrive av ungdomsskuleelevar i hovudsak ved hjelp av munnlege kjelder som slekt og kjenningar i nærmiljøet.



