

"Harastølen – frå eventyrslott til spøkelseshus" handlar om historier og nasjonal kulturarv som er i ferd med å gå tapt.






Hove steinkyrkje er den eldste steinbygninga i Sogn og Fjordane, og truleg ein av dei eldste i landet. Kyrkja er bygd i kleberstein rundt 1170, byggherre ukjend, og vart restaurert i 1883 av arkitekten Peter Blix.

I kunst og handverk har 3. klasse ved Flatbygdi skule fått prøve seg som arkitektar. Med sugerøyr og pipereinsarar som dei einaste materiala sette dei i gong med eit mål for auge: Å LAGE DET HØGASTE TÅRNET I KLASSEN!



Svelgen Idrettshus var gjenstand for lange og mange diskusjonar på mangt eit kommunestyremøte opp gjennom tidene. I 1992 vart det endeleg gjeve grønt lys for at STIF og bygda skulle få dette etterlengta bygget. I desember 1993 var det så stor innflyttingsfest der alle i bygda var innviterte. Går ein rundt huset, vil ein oppedage at her finn ein mange geometriske figurar både på og rundt bygget. Dette er noko vi har nytta oss av, og elevane synest det er kjekt og utfordrande og ha desse øktene Les meir om STIF her:

Som ledd i at alle bygdene i Sogn skulle få straum laut det trekkast kablar frå sørsida av Sognefjorden over nordsida. Kjelda til straumen var Vikafalli som ligg i Vik kommune og kraftspennet gjekk frå Feios over til Fatlaberget aust for Leikanger. I mange år hadde dette verdsrekord som lengste kraftspenn.

Gjennom tidene har vatn og vasskraft vorte nytta til energi. Mykje av arbeidet på gardane vart lettare då dei kunne nytta seg av vatn som til dømes til kverning av korn.
«Ved kvernbekken» av Jakob Sande
Å hei, kor det durar i kallen,
han vaskar i vatnet og sviv!
Surr-burr- går den knurrande trallen
so vassføyka sprutar og driv!
Stri gjennom sleipe sloket
stryk fossen i heksedans,
og høgt over skovleroket
ligg skummet i kvervelglans.

Leikanger kyrkje er frå kring 1250 og er ei av dei eldre steinkyrkjene i landet. Kyrkja inneheld altertavle, døypefont og preikestol som kan brukast som læremiddel i matematikk. I denne artikkelen skal me sjå nærare på preikestolen i kyrkja og korleis den kan koplast til undervisninga. Du kan lesa meir om preikestolen. Eg lagar denne artikkelen som eit tips om bruk av nærmiljøet i undervisninga.



7. aug. 1918 vart Ålfot Interkommunale Kraftselskap stifta. Selskapet skulle drive med kraftutbygging og fekk overført fallrettane til fossefalla i Yksenelvane og Åskora og eigedomar i Ålfoten frå fylket.





Lengst vest i havet i Flora ligg øya Kinn. Denne mest ubebudde øya har ein spennande historie og ikkje minst ei utruleg vakker, gamal kyrkje. Sjå for deg dei brattaste ville fjellsider. Eit frådande hav, der bølgjene bryt med voldsom kraft mot klippene. Ein sagnomsust og heilt spesiell fjellformasjon, den kjende Kinnaklova. Midt i alt dette ligg Kinnakyrkja.



Fresvik har i dag eit flott idrettsanlegg som i dag består av ein stor grasbane med laupebane med grusdekke og eit stort og flott klubbhus. Idrettslaget har og to hytter, ein av dei med uthus. Dei har også lysløype i Fresvik. Idrettsplassen har gjennom alle år vore ein samlingsplass for unge og gamle. Det har og vorte arrangert mange store stemne på nettopp idrettsanlegget. Men idrettsanlegget har ikkje alltid vore som i dag. Den har blant anna blitt teken av flaum og totalt øydelagt to gongar på den 86 år gamle historia til idrettslaget.


Det var ekstra stor oppslutning om17. mai i 1905. Mange stader vart dette markert på ulikt vis. Vi kjenner ikkje til korleis dette vart gjort i Selje. 7 . juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget?



På forsommaren 2006 vart det sett i gang grunnarbeid til dei tre nye bygga i Kvernsteinsparken. Det er sett opp eit stort samlingshus, lager/reiskapshus og ei smie, alle bygga er grindverksbygg av furu. Dei hadde ikkje planlagt å bygge dei nye husa, men såg att det var umogleg å ha teltplassen så nær elva pga flaumskadar i fjor haust.






På garden Sande, blant gamle, ærverdige villaer ligg eit stort, kvitmåla hus. Dette var tidlegare Balestrand Gamleheim som opna i 1920. Før den tid hadde det vore vanleg at dei eldre i familien budde i eigne kårhus på gardane. Der vart dei tekne hand om av borna sine, som hadde teke over gardsdrifta. Verre var det med dei eldre som ikkje hadde så mange til å ordne for seg. Desse vart ofte einsame og hadde det vanskeleg både fysisk og psykisk. Då kunne ein gamleheim kome godt med. Fram til 1977 var dette møtestaden mellom gamle og unge i bygda.



Kvernhuset på Hyllestad prestegard vart, om publikasjonen «Norges prestekald» (1894) står til truande, bygd i 1862 og karakterisert som «godt». Publikasjonen vart nytta til å freista prestar til utkantkall som Hyllestad. Kvernhuset var 3,2 m langt, 2,5 m breit og 1,5 m høgt.
Diverse synfaringar gjennom åra fortel om tilstanden for kvernhuset, og dermed evt. trong for vøling.

