




På Eitorn skule gjekk borna frå Eitorngrenda og Hella på skule. Det gamle skulehuset vart sett opp ca 1880 og står framleis i dag. Skulehuset vart sett opp på garden Vestreim og vart overdrege til garden då skulen vart lagt ned. I 2006 vart huset gitt til Eitorn grendalag som har restaurert huset.


"Harastølen – frå eventyrslott til spøkelseshus" handlar om historier og nasjonal kulturarv som er i ferd med å gå tapt.







Losjen er ein del av IOGT som står for International Organisation of Good Temlars (Godtemplarordenen). På Dalsøyra var det to losjar. Barnelosjen heitte Bløming og den vaksne losjen Me Vil. Møta vart haldne i klasseromma på gamleskulen. Barnelosjen hadde møte på søndagar ein gong i månaden.


Dersom du har anlegg for å få krampe nytta det ikkje å ta seg arbeid på stader der du kan falle ned. Har du anlegg for svimmelheit bør du ikkje ta arbeid som krev arbeid i stilas. Dette er ikkje tull! Det er viktig å ta eit godt gjennomtenkt yrkesval og komma seg på rett hylle her i livet.


Kanona i Havreneset er eit synelg minne etter den andre verdenskrig. Det er berre ei kanon som står igjen på denne kanonhaugen. Dei to andre kanonpunkta står tomme. Flora krigshistorielag har teke på seg oppdraget å oppgradere dette området. Dei har reinska området ved kanona og sikra det med gjerde.Dei har og funne fram til den opprinnlege tunnelen som var mellom kanonpunkta slik at ein kan gå gjennom den. Dette er både spanande og skummelt.







I høve Oddvar Torsheim sin 70-årsdag 2. november 2008, var det ei storstilt markering av den lokale kunstnaren i Naustdal "På sporet av Oddvar Torsheim". Mellom anna var det ei stor kunstutstilling i Naustdalshallen der alle barnehagane og skulane i bygda bidrog. I Lunden barnehage hadde vi ei målsetjing om at barna i samband med markeringa skulle bli betre kjent med kunstnaren, som delar av sin barndom budde i Naustdal. Alle dei aldersdelte gruppene løyste oppgåva ulikt, og eg vil i denne artikkelen fortelje kort om korleis 4-årsgruppa løyste oppgåva.


Turngruppa i Lærdal har lange tradisjonar. I over tredve år har dei vore med på å skapa viktig kulturaktivitet blandt born, unge og vaksne. " Hugsar du me stod og turna med kvite foldeskjørt og raude turndrakter? Me var so søte!" seier Trine Grøttebø, noverande leiar i turngruppa i Lærdal.




Fram til om lag 1900 var skikken på Voss at både kvinner og menn reid i brureferd både til og frå kyrkje.
"Det skrider framom eit brudlaupsfylgje
med koneskaut og med gylte sylgje,
og blanke hestar med folk i salen.
Eit vakkert opptog i bygdedalen."
Slik er fyrste verset av diktet "Ridande vossabrudlaup" av Arnfinn Gjeråker.





«Du veit mykje, du Arvid,» ymta eg frampå. «Ja, hugs no på at då eg voks opp, sat me med talgljos og parafinlampe i kveldsstunda.»
«Veit du om det er sant ?» spurde eg forsiktig. «Eg fekk det no fortalt slik, og hugsar det slik, og foreldra og besteforeldra mine var flinke forteljarar.»


Hove steinkyrkje er den eldste steinbygninga i Sogn og Fjordane, og truleg ein av dei eldste i landet. Kyrkja er bygd i kleberstein rundt 1170, byggherre ukjend, og vart restaurert i 1883 av arkitekten Peter Blix.

I kunst og handverk har 3. klasse ved Flatbygdi skule fått prøve seg som arkitektar. Med sugerøyr og pipereinsarar som dei einaste materiala sette dei i gong med eit mål for auge: Å LAGE DET HØGASTE TÅRNET I KLASSEN!

Gamalost er eit sterkt prov på den vestlandske optimismen og framtidstrua, i følgje nettsida til gamalostfestivalen. Gamle tradisjonar kombinert med ny kunnskap er viktige deler i produksjonen av denne særmerkte osten, som altså har sin eigen festival kvart einaste år i kommunen Vik i Sogn og fjordane.



