


Mange av dei gamle stigane og råsene i skog, fjell og mark er i ferd med å bli viska ut. Med dette forsvinn noko av den lokale kulturhistoria vår. Ved hjelp av moderne teknologi er det likevel råd å ta vare på desse minnesmerka før dei blir borte for godt. GPS og sporlogg er veleigna reiskapar til eit slikt føremål.




Kom dei første menneska til Noreg i ein båt laga av skinn og stokkar? I fylgje historeforskinga gjorde dei nett det. I denne artikkelen kan du lesa om korleis dei første menneska tilpassa seg dei enorme klimaendringa i Skandinavia etter den siste istida. Du vil også finna lenkjer til nettstader med gode animasjonar om livet i steinalderen.




I Sørbøvågområdet ragar Torgeirsletta høgast mellom dei vanlege fjelltrimpostane når det gjeld høgd over havet, heile 523 meter. Fjelltoppen er som namnet fortel, ingen typisk topp, men ei avrunda grasgrodd slette. Like forbi går den gamle kyrkjevegen mellom Skor og Øn så besøket på Torgeirsletta kan lett kombinerast med ei vandring på denne ruta.





Viss du har lyst å gå ein tur der heile familien kan vere med, så er dette turen for deg.
Er i Åfjordalen og på Rv 57 mot Dale, kan du køyre til du ser skiltet der det står Espeland på.
Der svingar du inn. Når du då har køyrt eit stykke, kan du parkere på ein innkjørsel som er der.
Så går du litt vidare, og kan gå til høgre på ein traktorveg. Når du då er komen ned til vatnet, er det berre å finne ein plass og slå seg ned.


Jens Amundsen Fenstad var ein vidgjeten falskmyntar. Dette makta han fordi han var ein meister i å teikne og etterlikne ort- og dalarsetlar. Men dette var eit alvorleg brotsverk, og han vart dømd til døden ikkje mindre enn fire gonger, men tre gonger vart dødsdommane omgjorde til slavearbeid på livstid.

Mange meiner at ein tur langs den restaurerte delen av Den Trondhjemske Postvei mellom Leirvik og Dale er ein av dei største opplevingane ein kan ha. Berre nokre få stader på denne 40 kilometer lange strekninga er underlaget så ujamt at det er vanskeleg å sykle, og om du må ta turen innom Rv 57 og asfalten, så vil du også her kunne oppleve bilfrie idyllar.


Heilt frå 1660- åra har det vore sporadisk postferdelse på strekninga frå Bergen til Trondheim – i den tida da kongeriket var dansk-norsk. Den gongen var det fotfararar som pilegrimar og kongelege bodberarar som vandra den ruta. På grunn av at vegen blei stempla som direkte livsfårleg på grunn av rotne bruer og elles dårleg terreng, blei det 13.mai 1785 av kongen bestemt at postvegen skulle lagast. Grunnen var også vekefast postføring imellom dei to byane.











Turen startar ved parkeringsplassen i Saurdalen og går framover Saurdalseggi mot Kvilehytta, Gamle Linkstasjon og mot Igdedalseggi. Herifrå er det svært godt utsyn. Vidare går turen ned mot Nonsskard, over skardet mot Nonskardurdane og vidare mot Raudmelen og Balestrand. Tid: 5-7 timar. Merking: Vardar med blå fårge.
