Sidemeny+
Read more

Gloppen ungdomsskule har hatt vitjing av John Palmer som er rektor på ein skule i New Zealand. Natur, kultur og media EB fekk høve til å vise han det arbeidet bedrifta jobbar med. Her kjem John si tlbakemelding om korleis han vurderte arbeidet til elevane i bedrifta. Arbeid som for det meste er gjort på fritida. Forretningsideen går kort sagt ut på å markedsføre stoff som dei fyrst legg inn på Geoatlassida, og stoffet er råd å selje i fleire variantar. Berre sjå heimesida til bedrifta www.naturkunnskap.no

Read more
Read more

Gloppen ungdomsskule har hatt vitjing av John Palmer som er rektor på ein skule i New Zealand. Natur, kultur og media EB fekk høve til å vise han det arbeidet bedrifta jobbar med. Her kjem John si tlbakemelding om korleis han vurderte arbeidet til elevane i bedrifta. Arbeid som for det meste er gjort på fritida. Forretningsideen går kort sagt ut på å markedsføre stoff som dei fyrst legg inn på Geoatlassida, og stoffet er råd å selje i fleire variantar. Berre sjå heimesida til bedrifta www.naturkunnskap.no

Read more
Read more

Breimsvatnet vart greve ut under siste istid. Terrenget vestover mot Sandane var kraftig nedtrykt av isen, slik at Gloppefjorden gjekk heilt inn fil Førs. Du kan sjå den marine grense rundt idrettsbana på Reed som det finaste amfi. Det er vel mindre kjent at det også var eit vatn etter istida som låg på flatene bak skulen på Reed.

Read more
Read more

Det har vore skrive ein del om både havørn og oter i Gloppen. Mandag 23. januar vart det observert to havørner på sandbanken ved utløpet av Gloppeelva. Her stod dei ganske lenge, liksom på vent, klar til å sette klørne i det som kunne reke forbi.

Read more
Read more

Det har vore skrive ein del om både havørn og oter i Gloppen. Mandag 23. januar vart det observert to havørner på sandbanken ved utløpet av Gloppeelva. Her stod dei ganske lenge, liksom på vent, klar til å sette klørne i det som kunne reke forbi.

Read more
Read more

Flått er eit edderkoppdyr med 8 bein som fester seg til huda på menneske og dyr for å suge blod.
Dersom flåtten er smittberar – kan han overføre bakterien
borrelia. Får du ikkje behandling i tide, kan du bli sjuk og sett ut av spel i fleire månader.

Read more
Read more

Knoppsvane er ein fugl som ofte ligg og sym høgt på vatnet. Han trekkjer gjerne ut til kysten om vinteren. Når knoppsvanen flyg, høyrer du eit klart vingesus. I Sogn og Fjordane er dette ein sjelden fugl, men andre svaner kan vi sjå i fylket vårt, utanom hekkeperioden. Om vinteren vil du sjå sangsvane på leit etter mat i ope vatn, gjerne i elveosar.

Read more
Read more

Fredag 27. oktober vart det observert ein stork på Byrkjelo. Fleire har meldt om denne fuglen som gjekk og beita langs vegen på Fløtre. Eg har fått inn bilde og som dokumentasjon. Stork er sett mindre enn 100 gonger i Norge.

Read more
Read more

Haren skifter farge etter årstidene. Vinterstida blir du mest klar over at det ferdast fleire harar i området enn du tenkjer over. Både harespor i snøen og dei karakteristiske hare – ekskrementa er tydelege spor. Mange harar endar ofte som mat i kongeørnreira.

Read more
Read more

Gråspett er ikkje ei heilt vanleg hakkespett i Sogn og Fjordane. Ho hekkar gjerne i lauv-og blandingsskog. Denne fuglen er mykje sjeldnare enn flaggspett og grønspett, her i Gloppen. Grønspetta er raudlistefugl, så han er utryddingstruga. Det same gjeld kvitryggspetta som også hekkar i Sandanområdet.

Read more
Read more

Vereide kyrkje er hovudkyrkje i Gloppen prestegjeld. Ho er einaste steinkyrkja i Nordfjord, og vert ofte omtala som Nordfjorddomen. På det geografisk avgrensa området rundt Gloppefjorden låg i mellomalderen heile fem kyrkjer og to kapell.
Vereide kyrkje.

Read more
Read more

Havørnbestanden i Gloppen har kanskje vore kunstig høg dei siste åra. Fleire par har hekka her og fora fram ein og ofte to ungar. I fjor oppdaga eg at eit par med to ungar i reiret, henta mykje av maten frå Ivahola, den kommunale bossplassen. Fleire Rema 1000 posar med kartongar fulle av matavfall tok dei i klørne og transporterte dei til reiret. I dag er avfallsplassen lagt ned, og havørnbestanden strevar med å finne nok mat.

Read more
Read more

Øyenstikkar har ufullstendig forvandling. Fyrste året lever han som eit rovdyr i vatnet. Ut på sommaren kryp han opp på eit siv, kjem seg ut av skalet sitt og pumpar blodvæske ut i dei lange fine vengene sine. Så legg han ut på dei akrobatiske flygeturane sine. Merk deg at namnet bør ikkje skremme nokon, for øyenstikkaren er heilt harmlaus for menneska, han er ikkje i stand til å stikke.

Read more
Read more

Oter

9. sep 2006 by

Oter høyrer til mårdyra og held seg som regel langs stranda og i sjøen. I dei seinare år har han hatt ein tendes til å jakte på og skremme fisk langt opp gjennom lakseelvane på Vestlandet. Han har til og med vore observert i hagane til folk, langt frå strandlinja.

Read more
Read more

Her på våre kantar har vi berre ei hegre…. Gråhegra. Reiser du sørover i Europa, vil du kunne sjå andre hegrer, mellom anna den kvite, fine silkehegra. Denne fuglen har og vore observert i Sogn og Fjordane, så her kan du lese litt om denne grasiøse fuglen.
 

Read more
Read more

Berghøne

28. jul 2006 by

Berghøne er vel ikkje registrert i Norge enno, men klimaendring kan gjere sitt til at ho ein vakker dag dukkar opp også her i landet. Fuglen er sky og vanskeleg å kome inn på. Desse bilda er tekne i Izmirområdet i 2006.

Read more
Read more

Sandlo er ein vadefugl om lag på storleik med ein stare. Han er tettbygd, med ein markert svart krage og kvit halsring, svart augestrek og svart tverrband på issen bak den kvite panna. Denne fuglen er ikkje vanleg i Gloppen, men vart observert i Selvågane no i haust på veg sørover.

Read more
Read more

Etter at Alfred Dale tipsa meg om ein spesiell fugl i fjøra på Gimmestad, tok eg sjølvsagt turen ut. Det slær aldri feil når denne ivrige fugletittaren har observert noko. Bildematerialet var også denne gongen godt nok til å artsbestemme fuglen. Det var ein underart av svarthalespove som blir kalla for islandica.

Read more
Read more

Eg har hatt nokre få turar i Selvågane denne våren/sommaren, og for meg har det dukka opp ukjende fuglar ved fleire høve. Den fargerike mandarinanda har vore der i fleire veker. I dag oppdaga eg eit skjeandpar. Gloppen ungdomsskule har planar om å få setje opp eit fugletårn i området. Vi har enno ikkje fått tomt til dette, men vi håpar det blir ei løysing. Ei systematisk registrering av fuglar, ville nok ende opp i ei lang artsliste for dette området.

Read more
Read more

Andefuglane er delt inn i dykkand, fiskeand og grasand. I Gloppen er siland vanlegast av fiskeendene, ærfugl er største representanten for dykkendene og stokkanda er det mest av når vi snakkar om grasendene. Brunnakken høyrer til den siste kategorien. Nokre par av desse fuglane vart observert i Selvågane/ Bukta i sommar.

Read more
Read more

Andefuglane er delt inn i dykkand, fiskeand og grasand. I Gloppen er siland vanlegast av fiskeendene, ærfugl er største representanten for dykkendene og stokkanda er det mest av når vi snakkar om grasendene. Brunnakken høyrer til den siste kategorien. Nokre par av desse fuglane vart observert i Selvågane/ Bukta i sommar.

Read more
Read more

Toppand

25. mai 2006 by

Toppand høyrer til dykkendene innanfor andefamilien. Anda dykker altså etter mat og liknande. Ho er mest vanleg i Nord-Noreg her til lands. I Gloppen er toppanda observert med ungar i ei lita tjørn i Nordstrand-fjella.

Read more
Read more

Makrellterna har minka i antal langs heile kysten. Dette fenomenet gjeld og i Sandaneområdet. På 1980-talet var det ganske mange makrellterne som hekka i koloni på eit av skjæra i Selvågane. Etter kvart kom hettemåka og overtok hekkeplassen til terna. I dag er det sikkert omlag like mange hettemåker i Selvågane som det før var makrellterner. Dette sjølv om det mange stader minkar dramatisk på hettemåka.

Read more