Den blodige sauen

Den blodige sauen
Ottar Standal har fortalt denne historia frå den tid han gjekk på gamleskulen i Steinhovden. Det var i eit matfriminutt det skjedde og ungane var ute og leika.
Til vanleg var det ein hund som brukte å vere på skuleplassen, men han såg dei ikkje noko til den dagen. Plutseleg høyrde ungane at det singla i glas. Dei kunne ikkje forstå kvar lyden kom i frå, og lurte på kva i all verda som var på ferde. Etter ei stund var friminuttet over, og då elevane kom inn i klasserommet stod der ein fæl og blodig sau midt på golvet. Det viste seg at det var hunden som hadde jaga sauen, og då vart han så skremd at han hoppa rett inn gjennom vindauget i skulebygget.
Men dramaet var ikkje over med dette, for naboane påstod at det var skuleungane som hadde knust glaset. Lærarane tok elevane med seg og gjekk heim til naboane for å rydde opp i misforståinga. Nabokona kunne fortelje at ho hadde kasta augo ut glaset og sett at det var ungane som knuste vindauget i skulehuset. ”Dersom du har kasta augo ut glaset, så skal vi hjelpe deg med å finne dei att”, sa ungane.
Du kan lese meir om bokprosjektet «Skulehistorier med snert i» på bloggen til Steinhovden skule.
Den blodige sauen av Steinhovden skule - smaskulen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Deling på same premissar 4.0 internasjonal lisens.