Raudstrupesongar (Sylvia cantillans)

Ein sjeldan gong viser raudstrupesongaren seg når han syng
Raudstrupesongar er ein svært sky fugl som gøymer seg i tett vegetasjon når han syng. Hekkar i varierte biotopar, ofte i busker i tørre skråningar. Reir i tett busk
Utbreiing.
Hekkar i store delar av Sør-Europa og Nord-Afrika. Trekkfugl som overvintrar i tropisk Afrika. Observert fleire gonger her i landet.
Utsjånad.
Raudstrupesongaren er om lag like stor som tornsongaren (12-13 cm), som er vanleg hekkefugl i Norge. Kroppsforma er og lik på desse to songarane, men raudstrupesongaren er meir fargerik. Hannen er raud i brystet og rundt augene. Hofuglen er lys i bringa og kroppsforma er rundare enn hos hannfuglen.
Raudstrupesongar (Sylvia cantillans) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.