Svartraudstjert (Phoenicurus ochruros)

Svartraudstjert på Nordfjordeid
Om ein vil sjå fuglar som ikkje hekkar her i området, kan ein haust og vår vere på utkik etter desse når dei er på trekk. September og oktober er gunstig tid for sjeldne observasjonar. Nokre trekkjer i flokk, andre berre ein og ein. I slutten av oktober 2012 var eg i ferd med å ta bilde av ein gjerdesmett ved Moengården på Nordfjordeid. Eg knipsa og nokre bilde av ein annan fugl, som viste seg å vere ein svartraustjert.
Feltkjenneteikn.
Både i storleik og utsjånad liknar svartraudraudstjerten på raudstjert. Desse oppfører seg også ganske likt: set oppreist, dirrar ofte på den oransjeraude stjerten, er nokså sky og nervøs, flytter ofte på seg. Hannfuglen er mykje meir fargesprakande enn den grå hofuglen og ungfuglane.
Utbreiing.
Svartraustjert var fyrste gong registrert i Norge (Oslo) i 1894. Nokre få vart observert fram til 1923 då fyrste hekkeobservasjon vart gjort (Oslo). Neste hekkeobservasjon vart gjort i 1941 (Tolga i Østerdalen). Per i dag hekkar det nokre få par i Norge. Svartraudstjerten har gjennom åra utvikla seg til å bli ein typisk byfugl. Her legg dei reira i fabrikkbygningar ol. Under 2. verdskrig vart det registrert aukande bestand av fuglen i London. Dette fordi fuglen fann gode hekkestadar i ruinane etter bombinga. Dei para som hekkar i Norge har eit kull per sesong, medan dei sør i Europa ofte har både to og tre kull. Dei svartraudstjetane som kjem til Norge, reiser frå landet i oktober og overvintrar i Nord-Afrika og Middelhavsområdet.
Svartraudstjert (Phoenicurus ochruros) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.