Sidemeny+

Grønlandsmåke (Larus glaucoides)

Posted on 1. mar 2012 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Grønlandsmåke

På skotårsdagen 29.februar 2012 vart det for fyrste gong i Gloppen observert grønlandsmåke, til og med to stykke, i Bukta Fuglefredingsområde. Ser ut for at det er til dels mange nye arter som er innom kommunen denne vinteren.

Utbreiing

Grønlandsmåka hekkar i det arktiske Canada og Grønland. Ho er trekkfugl som overvintrar i dei nordlegaste statane i det austre USA og på dei britiske øyane. Ser at det er rapportert inn ein del overvintrande grønlandsmåker langs norskekysten også denne vinteren.
 

Utsjånad
50-66 centimeter lang, vingespenn på 115-140 centimeter og vekta er mellom 820-1100 gram. Ho ser ut som ei lita og ekstra lys gråmåke, men utan svarte vingespissar. Ho er mindre enn ei polarmåke som ho kan forvekslast med.

Hekking
Grønlandsmåka hekkar i koloniar eller åleine ved kysten. Ho legg reiret på bakken. Vanligvis legge ho 2-3 egg.
 

 

 

CC BY-NC 4.0 Grønlandsmåke (Larus glaucoides) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2012