Frå nord til sør med lure triks

Rettleidd lesing
I Våge skule har 3. og 4. klasse gått grundig til verks for å lære seg om Noregs fem landsdelar. Dei har drive med rettleidd lesing i små grupper, og lært seg nokre lure triks .
Plassering i kart
I tre veker har elevane studert Noregskartet og lese fagtekstar om landsdelane våre.
Fordelen med rettleidd lesing er at 4 elevar har læraren for seg sjølv i tjue minutt. Læraren og elevane kan saman, gå djupare inn i teksten. Uansett kvar elevane er i leseutvikling, kan alle vere med og få eit godt utbytte av timen.
Elevane har lest teksten grundig, studert kart og bilete. I tillegg har dei lært å finne nøkkelord i teksten og å skrive tankekart. Elevane har slik lært namn på byar, fjordar, elvar og fjell. No veit dei kvar kongen bur, at Sognefjorden er lengste og djupaste fjorden og at Stetind er Noregs nasjonalfjell. Dei veit også at vi bur i Sogn og Fjordane og at Bergen er den største byen på Vestlandet. Dei veit at samane bur i Nord – Noreg, og kvar i landet ein skal reise for å besøke den norske skjergarden.
Elevane syns det har vore kjekt å arbeide slik med vanskelege samfunnsfag tekstar.
Dei seier sjølv at dei får betre med seg innhaldet gjennom å bruke rettleidd lesing som metode. Og at det er kjekt å skrive nøkkelord og tankekart på tavla. Også meir stille elevar har blomstra i prosessen.
- Rettleidd lesing
- Nøkkelord og tankekart
- Nøkkelord og tankekart
- Nøkkelord og tankekart
Frå nord til sør med lure triks av Therese Kleppe er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.