Få tekst i rørsle!

Lære i lag
Tenkjer du på at du går blant tekster? Du rører deg mellom eit skilt og dagens avis. Du skumpar borti, du gjev svar og legg til ord. Kanskje skriv du e-post eller les ei bok ei natt? Du set tekstar i rørsle.
Plassering i kart
For å tenke?
Dei fleste av oss les og skriv kvar dag. Det er ein del av det å delta i samfunnet. Skulen har klare mål om at kvar elev skal meistre å lese og å skrive i ulike fag og situasjonar. Grunnleggande dugleikar i skriving og lesing får meining når dei er i bruk til å presentere, formulere spørsmål og til å klargjere tankar og meiningar.
Det er interessant å reflektere over det internasjonale omgrepet literacy som uttrykker evne til både å lese og å skrive, men også noko meir. Liberg (2004) legg inn i tydinga av omgrepet å kunne røre seg i tekst og at ein set tekst i rørsle.
Å lese i lag i samla klasse
Det er mange kompetansemål elevane skal arbeide mot i kvart fag. Lesing er særs ofte del av strategien i læringa. I samla klasse er rettleidd lesing ein grei arbeidsmåte. Leseøkta kan delast i tre: Før lesing, under lesing og etter lesing. Dette er ulike fasar i læringa med kvar sine spesifikke strategiar, til dømes samtale om vanskelege omgrep og å lage og stille spørsmål til teksten. Målet er heile tida å forstå kva ein les. I samla klasse er det særs viktig at læraren er tydeleg og får alle elevane til å delta i dei ulike fasane. Arbeidsmåten passar også som stasjonsarbeid.
Å lese i læringsgruppe
Elevar på mellomsteget og eldre kan ha stort utbyte av å lære systematisk ilag i læringsgrupper. Ein strategi for å forstå det ein les er resiprok lesing. Då nyttar elevane nøkkelkort som gjev medlemer i gruppa ulike formelle roller i læringsarbeidet. Læraren må vise korleis korta nyttast først. Etter kvart kan grupper arbeide sjølvstendig med same arbeidsmåte. Desse læringsstrategiane er basert på å tenke åleine og å snakke og tenke i lag. Avgrensa tid og variasjon i det ein gjer, er med på å halde på motivasjon og er dermed læringsfremjande.
Å tenke høgt for å lære!
Det å forklare samanhengar i tekst blir sagt av forskarar å vere effektiv læringsstrategi: «Å tenke høyt på denne måten øker antakelig forståelsen og hukommelsen fordi det krever at eleven går inn i teksten med høy grad av oppmerksomhet og bevissthet» (Andreassen 2007). Tenke høgt i lag for å lære!
Å skrive åleine
Har du noko på hjarta til ein ven som bur ein annan stad kan du jo skrive! SMS, e-post eller brev, uansett må du bruke bokstavar til å lage tekst med meining. Nokre ynskjer å skrive dikt, andre skriv ynskjelister eller bøker om hobbyen sin. Å skrive hjelper oss til å forstå kva vi vil fortelje til kvarandre. Skriving er også ein måte å lære på. Å skrive åleine for å forstå eit fagstoff ved å stille spørsmål eller forklare eit fenomen. I skulen er det viktig å skrive mykje og ofte for å bli ein betre og betre skrivar.
Å skrive i lag
Det å skrive ilag med andre elevar kan vere særs lærerikt. To personar tenkjer ofte ulikt og må snakke ilag for å kunne kome fram til tekst begge synes er ok. Det kan vere mykje læring i å få innsyn i korleis andre skriv. Det er kjekkare å skrive tekster i lag når det ein skriv er skal nyttast til dømes til manus. I naturfag og matematikk kan skriving vere å lage gode tabellar, å skrive i samfunnsfag kan verte ein nettartikkel. Kvart fag har sine sjangrar for grunnleggande skriving. Her set elevane tekster i rørsle.
Lese for å skrive betre?
I ein 7.klasse vart det arbeidd med kompetansemål i RLE med systematisk lesing og skriving som strategiar for læring. Lesing i samla klasse først om eit emne. Kvar elev skreiv så ein tekst åleine ut frå det som var lese i lag. Neste emne vart arbeidd med i læringsgrupper som resiprok læring med nøkkelkort. Inntrykka etter lesing i gruppa vart til uttrykk i digital presentasjon som deltakarane i gruppa la fram i lag. Vurdering av opplæringa viser at lesinga var motiverande og førte til læring. Skriving individuelt viste at fagstoff var tileigna, det same gjorde prosessane kring digital skriving i gruppe.
Fordel arbeid!
Det er like viktig å fordele arbeidet godt ved samhandling i skriveprosessen som i leseprosessen. Du finn oversyn over ein modul av undervisningsopplegget, ein vurderingsrubrikk som vart nytta og ein rapport over gjennomføring av læringsarbeidet digitalt.
-
Å røre seg i tekst Foto: Kjersti Søvikcbn
-
Elev som rører seg i tekst Datering. 01.06.12 Eigar: Hyllestad skule Forfattar: Kjersti Søvik Foto: Kjersti Søvikcbn
- Bilettekst 2: Døme på nøkkelkort i resiprok lesing Datering: 2011 Eigar: Hyllestad skule Utvikla: Etter Guri Holen, Høgskulen i Sogn og Fjordane 2011
-
Korleis skal vi få fram det vi meiner her? Datering: 02.06.12 Eigar: Hyllestad skule Forfattar: Kjersti Søvik Foto: Kjersti Søvikcbn
-
Lære ved å tenke høgt i lag Datering 01.06.12 Eigar: Hyllestad skule Forfattar: Kjersti Søvik Foto: Kjersti Søvikcbn
-
Korleis skal vi få fram det vi meiner her?Datering: 2010Eigar: Norsk Petroleumsforening Fotografi: www.newton.no Foto: Nors Petroleumsforeningcbn
-
Kva ord skal vi bruke her? Dato: 01.06.12 Eigar: Hyllestad skule Forfattar: Kjersti Søvik Foto: Kjersti Søvikcbn
- Lære i lag
Få tekst i rørsle! av Kjersti Søvik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.