Sidemeny+

Forskarspirar på Hyllestad

Posted on 15. feb 2012 by in Pedagogikk

Stjerner for ein dag

Frå Hyllestad til månen, – og attende igjen
Visste du at vi jordbuarar berre ser den eine sida av månen? Eller at Jupiter er ein gigantisk planet som består av mykje giftig gass, og at du aldri vil finne ei flate å lande på? Dette, og mykje meir, veit i alle fall 2. klasse på Hyllestad Skule. 

Plassering i kart

Gjennom fire interessante og lærerike veker har 2. klasse vore undrande forskarar på verdsrommet. Med temaet Frå Hyllestad til Månen, med fokus på samspelet mellom jorda, sola og månen, har vi hatt som mål å lære om verdsrommet. Store spørsmål har vert stilt, og gode svar har blitt funne. Sidan verdsrommet vert så enormt abstrakt med store tal og avstandar, er det viktig å prøve å forenkle alt ned til det forståelege. 2. klasse kan nemleg fortelje deg det så enkelt at månen er ca ¼ av jorda sin storleik. Og visst du vil reise dei 365 000 km til månen, må du rekne med ca 8 dagar reisetid. Det er like lenge som vinterferien er det!

Ein stor galakse og eit uendeleg stort verdsrom
Elevane tykkjer dette har vore ei spanande reise. Men å forstå at vi menneske bur på ei svevande kule i det store, uendelige verdsrommet er litt uverkeleg, – kva skjer om vi skulle ramle ned? Vidare har diskusjonar og grubling på om romvesen og grøne menn frå Mars eksisterar vore eit heitt tema, men vi må beklageleg seie at vi har ikkje lukkast i å finne svar på denne gåta, vi heller.

Stjerner for ein dag
Engasjerte og kunnskapsrike på verdsrommet, fekk 2. klassingane synt seg fram for publikum. Og dei var stolte! Elevane hadde laga nokre flotte veggaviser med tekst, bilete og teikningar som dei fekk vist fram. Til slutt fekk elevane ein «Forskardiplom» for «utmerkt innsats i arbeidet med temaet Jorda, sola og månen» og vart utnemnde til forskarspirar. 

CC BY-NC 4.0 Forskarspirar på Hyllestad av Cecilie Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kandidat 27, 2012
Klassetrinn: 2
Kommune: Hyllestad