Storskogmus (Apodemus flavicollis)

Storskogmus i fella.
Storskogmus kjem ofte inn i hus og hytter for å overvintre. Sidan dette er ei ganske stor mus, blir ho av og til forveksla med rotteungar når ho går i fella og du får sjå ho på nært hald.
Utbreiing:Storskogmus finn ein sør i England, dei søraustlege delane av Skandinavia og austover til Ural. I Norge lever ho i dalane på Austlandet og langs kysten nordover til Trondheim. Ho går ikkje over høgbjørkeskogen.
Kjenneteikn: Storskogmus er omlag 8 – 13 cm lang, halen kjem i tillegg og er ofte lenger enn kroppen. Ho har ofte eit tydeleg gulbrunt halsband på brystet. Ryggen er vanlegvis brunraud, og undersida kvit. Ein skil ho frå småskogmus på storleiken og lengda på halen. Småskogmusa har som regel ein avlang flekk på brystet. Storskogmus skil seg frå husmus som manglar det gulbrune halsbandet, har mindre spiss snute, mindre auge og øyre. Eit karakteristisk kjenneteikn ved alle gnagarar er tennene. Dei er store, krumme og svært harde, og dei veks heile livet. Tennene er skarpe fordi dei blir slipt mot kvarandre heile tida medan dei gneg.
Livssyklus: Forplantninga går føre seg i sommarhalvåret. Graviditeten varer i tre veker og ein reknar med at dei kan ha to til tre kull i året og 3-7 ungar per kull. Storskogmus ynglar ikkje i bygningar. Bolet er vanlegvis i gangsystem i bakken, i tre eller i fuglekasser.
Åtferd: Storskogmusa er aktiv om natta. Ho spring fort og er ein svært god klatrar og ein dyktig symjar. Alle gnagarane gneg for å kome seg gjennom embalasjen, eller gjennom veggen for å finne matkjelda.
-
Storskogmus i fella. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Storskogmus i fella. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Storskogmus Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Figur 2. Spor etter brunrotte i mel. Foto Reidar Mehl.
Man kan også bruke fotspor i støv (eventuelt talkum/mel som er strødd ut) for å bestemme hvilket dyr man har med å gjøre (se Figur 2). Storskogmus har bare fire tær på frembeina, og fem tær på bakbeina. Fotavtrykket av bakfoten er om lag 22-24 mm langt. Som regel ser man slepespor av halen mellom fotavtrykkene.
Storskogmus (Apodemus flavicollis) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.