Den klatrande hoggormen

Hoggorm
No om hausten er det tid for å plukke både tyttebær og sopp. Tek du deg ein tur i skogen når endeleg regnet tek slutt og sola kjem fram, kan det hende hoggormen har okkupert finaste tyttebærtuva. Han er vekselvarm og treng sole seg litt for å få opp kroppstemperaturen.
Her ein dag låg ein hoggorm roleg og slikka sol, heil til tindane på bærplukkaren min vart for nærgåande. Utruleg at eg ikkje såg krypdyret før plukkaren var 10-20 cm frå han. Det var hoggormen sine rørsler som gjorde meg obs. Eg fekk ein ide om å teste ut dette krypdyret litt med tanke på smidigheit og styrke. Ein godt eigna grankvist vart teken i bruk. Som bildeserien viser, er det slett ikkje urimeleg at hoggormen greier å klatre ein del om han vert freista til det. Bilda viser og korleis han brukar tunga til å orientere seg. Hoggormen er og stadbunden. Eg kom over hoggormen ein fredag. Då hadde eg med berre mobiltelefon, så bilda vart heller dårlege. Fire dagar seinare fekk vi sjå sola att. Med skikkeleg kamera oppsøkte eg same plassen, og hoggormen slikka sol den dagen og. Eg merka meg at treninga han hadde fått nokre dagar før, gjorde sitt til at han var mykje betre å bevege seg på grakvisten. Då blir det opp til lesaren å nyte den "klatrande" hoggormen. Bildeserien finn du i margen til høgre. Her er det Firda skreiv om hoggormen.
w
Den klatrande hoggormen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.