Sidemeny+

Fjellbakkestjerne Erigeron borealis (Alpine fleabane)

Posted on 7. aug 2011 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Fjellbakkestjerne

Fleirårig plante med med stiv stengel. Har som oftast berre ei korg som er ca 2-3 cm brei.  Rosettblada er  tungeforma og broddspisse. Som kartet viser, vart denne planten funnen langs gamlevegen ( Historisk rute) like nedanfor Sjurhaugfossen i Lærdal i slutten av juli 2011.

Plassering i kart

Fjellbakkestjerne er ei fleirårig urt i korgplantefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planten vert kring 15 cm høg, og har stiv stengel, oftast med ei korg, sjeldan med to eller tre. Stengel og blad gråhåra. Mørkfiolette kvithåra korgdekkblad, snaue øvst. 1,5 til 2,5 cm brei korg med tverr eller innbukta grunn. Roseraude kantkroner og innanfor dei ein ring med røyrforma hoblomstrar. Gule midtkroner som snart blir raude øvst. Blomstrar kring juli månad på turr og våt kalkrik grunn i fjellskogane. Veks i alle fjelltrakter i Noreg. Funnen opp til 1600 m i Jotunheimen.

 

CC BY-NC 4.0 Fjellbakkestjerne Erigeron borealis (Alpine fleabane) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2011