Mitt Førde Framover
"Mitt Førde Framover" er eit glimt inn i eit prosjekt som handlar om å styrke og utvikle lokalsamfunn – i dette tilfellet Førde. Kortfilmen handlar om å finne skattar i eige lokalsamfunn og søke å styrke identitet og profil gjennom å engasjere innbyggarar frå ulike yrke og miljø.
Prosjektet, som starta i 2008 og vart avslutta i 2010, la vekt på å finne mål for framtida ved hjelp av historie, nosituasjon, prognosar og trendar. Metodikken var å engasjere både skular, næringsliv og kommune i prosessane. Prosjektleiar var Anne-Mette Hjelle, som har laga denne digitale forteljinga.
Mitt Førde Framover av Anne-Mette Hjelle er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.