Sidemeny+

Hekkspurv (emberiza cirlus)

Posted on 6. mar 2011 by in Dyreliv, Landskap

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Hekkspurv med standardmenyen; grashoppe.

 

Hekkspurven er eit medlem av spurvefamilien. Den byggjer reir i hekkar eller kratt. Egga vert lagt i mai månad. Ungane vert klekt ut etter omlag to veker. Fugleforeldrene forar ungane med insekt, i all hovudsak grashopper. Dei vaksne individa et for det meste frø, men kan og ete insekt om nødvendig. Den held til på grasrike sletter, for her er det lett å finne frø og insekt til ungane.

 

Utsjånad:
Den er omtrent 16 cm lang. Hannen har vert gjenkjend på sitt gule hovud med augestripe og nokre svarte fjør på toppen av hovudet. Brystet er ei spettete blanding av gult og svart. Hekkspurvhannen er brun over skuldrane og nedover ryggen. Hoa er meir lik ein gulspurv, sjølv om gulspurven er mykje større.

Området:
Hekkspurven finn du i kulturlandskapet i heile Vest- og Søreuropa. Der er det ein standfugl, det vil seie at den bur der heile året. Den hekkar også i Nord-Afrika og i Lilleasia men der er den ikkje så vanleg.

Observert i Sverige:
På grunn av det kalde klimaet er det ikkje kjende observasjonar av Hekkspurv i Noreg. Ein observasjon av fuglearten på Öland i Sverige er nærast ein sensasjon. Ein mengde fuglekikkarar i heile Sverige kasta seg i bussar og bilar for å komme seg til Öland. Her håpa dei på eit ørlite glimt av Hekkspurven. Eller Häcksparv, som den heiter på svensk.

 

CC BY-NC 4.0 Hekkspurv (emberiza cirlus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håvard Hovstad 9. klasse 2011
Kjelder: www.eol.org sverigesradio.se www.snl.no