«Go’flekkjen» det er åkeren i Breim barnehage,avdeling Byrkjelo

Sola varmar og eg sit og let tankane fly. Så mykje vi har lært i lag med barnehageborna om det å dyrke og å stelle ein åker. Gode minner strøymer på om graving i jorda, hausting og torgdagar.
Plassering i kart
Har du høyrt om ” Goflekkjen”? Breim barnehage, avdeling Byrkjelo har eit drivhus ,ein liten åker og nokre frukttre. Barna kallar hagen for ” Goflekkjen”. Tidleg om våren tek vi til med arbeidet å så frø og plante ut plantar i åkeren. Barna er ivrige med å stelle åkeren, dei lukar bort ugras, vatnar og studerer meitemakkar og åmer.
Rabarbra er det fyrste vi kan hauste inn på forsommaren. Han smakar godt naturell og dyppa i ein kopp med sukker. Barna deltek og med safting og sylting. Safta smakar godt i sommarvarmen og vi spanderer safta når barnehagen har sommarfest. Rundt jonsok er Tagetes blomstrane blitt fine og krydderplantane persille og basilikum duftar godt. Då er det på tide å invitere til torgdag. Foreldre og andre kjem og barna tek gjerne ansvar for sal av vekstane. Pengane frå salet tek vi vare på og brukar neste sesong til å kjøpe nye frø og tomat – og agurkplantar. Ja, for i drivhuset dyrkar vi også tomatar og agurkar. Det er ikkje alltid at vi kan hauste store mengder, men det som er sjølvdyrka smakar alltid ekstra godt.
I samband med studiet Samfunnsfag med vekt på digital formidling og entreprenørskap, laga eg ei digital forteljing om ”Goflekkjen” og det pedagogiske entreprenørskapsarbeidet vi gjer i barnehagen.
.Tittelen på forteljinga er ” Eit eple om dagen er bra for magen”
Den digitale forteljinga handlar om personlege opplevingar i høve til arbeidet med å dyrke blomar og urter i lag med små born.
«Go’flekkjen» det er åkeren i Breim barnehage,avdeling Byrkjelo av sylvia helset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.