Raudfalk (Falco naumanni)

Raudfalk
I Gloppen og fleire stader i Sogn og Fjordane hekkar det tårnfalk kvart år. Dette er kanskje den vanlegaste falken i vårt fylke. Det finst ein falk som lever lenger sør i Europa som heiter raudfalk. Han er nesten heilt lik tårnfalken.
Utsjånad
Det vitskaplege namnet er til minne om den tyske naturfoskaren Johann Andreas Naumann.
Raudfalken er ein liten falk. Han er om lag 30 cm lang, med eit vengespenn på ca. 65cm. Fargeteikningane liknar på dei du finn hjå tårnfalken. Raudfalken manglar ”falkebarten”, og er jamnare grå på hovudet enn tårnfalken. Flekkane på ryggen og under vengene er mindre tydeleg enn på tårnfalken. Ryggen er teglraud. Raudfalken har kvite klør og spiss stjert. Ungfuglane liknar på den vaksne hofuglen.
Mat
Raudfalken et først og fremst insekt, men også småfuglar, krypdyr og gnagarar. Tek byttet oftast på bakken.
Hekking
Han hekkar ofte i koloniar på bygningar, klippar eller i tre – hol, og legg opp til 3-6 egg.
Raudfalken hekkar frå Middelhavet i Sør/Sentral-Asia til Kina og Mongolia. Det er ein trekkfugl som overvintrar i Afrika og Pakistan. Han er sjeldan nord for hekkeområdet.
Utbreiing
Han er utbreidd og talrik på ein global skala, men i fleire hekkeområde synest han å vere inne i ein markert og muligens akselererande nedgang. Raudfalken er difor klassifisert som ein sårbar art. Dette betyr at den globale bestanden har vore redusert med 30% dei siste 10 åra, og ein forventar at det vil fortsette slik i minst eit tiår til!
-
Raudfalk Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Raudfalk Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Raudfalk Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Raudfalk i flukt Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Steller fjøra sine Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Raudfalk (Falco naumanni) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.