Sidemeny+

Wergeland Holding

Posted on 2. jun 2010 by in Arbeidsliv, Ymse

Gamle fabrikken på Stiene

Wergeland Halsvik vart opprinneleg starta av Trygve Wergeland (fødd 14. mars 1909, død 29.mai 1979) i 1929 då han kom heim frå Calgary, Canada. I Canada opplevde han depresjonstida. Hardt, målretta arbeid og fantasi var nok til å overleve dei tøffaste forhalda. Han reiste derfor attende til Noreg og Steine. Der var forholda svært dårlege.

Plassering i kart

Mor hans var sjuk og far hans var mykje vekke på arbeid. Det var heller ikkje skikkeleg hus på garden. Trygve fekk skøyte på garden i 1934 av far sin. Dette var bruk nummer to på Steine, og ti år seinare fekk han skøyte på nabogarden til 12.000 kr av Norvald Fanebust. Dette var eigentleg to gardar som hadde vore ein, som Trygve no samla att. No ville han bygge fjøset opp att.
I 1937 gifte Trygve seg med Astrid Ovidia Johannsdtr./Nilsson (fødd 13. februar 1910, død 23.februar 1985) , og fekk seks born: Hans, Haldis, Målfrid, Trygve Asbjørn, Vigdis og Steinar. Det einaste Trygve hadde av ressursar var eige arbeid og det garden hadde av trevirke. Dette var i ”dei harde 30-åra”. Det einaste det var overflod av var arbeidsvillig ungdom, men arbeid var det lite av. Han engasjerte arbeidsgjengar, som reiv og klargjorde tomter i Bergen. Dei vart kalla ”Wergelandsgjengen” og var kjendt for å vere tøffe og effektive. Dette heldt fram til den andre verdenskrigen kom til Norge i 1940.
Eldste son til Trygve heiter Hans Harry, og han vart fødd 19. desember 1940.

 

Sanddrifta byrjar og Halsvik Cementstøperi blir til

I 1947 starta bygginga av den nye låvebygningen på garden. Bruket var basert på mjølkeproduksjon og husdyr. Driftsbygningen på Steine var for det meste bygd i betong, og til denne betongen måtte dei ha sand. Det var mykje sand i jorda på Steine, og slik var det sanddrifta på Steine tok til. Sanddrifta på garden varde frå 1948 og heilt til 1970. Det var dette som la grunnlaget for den seinare betongvareproduksjonen. All motorkrafta på garden var ein gammal A-ford, som var avkappa og innkorta, så han skulle gjere nytte som traktor. Fyrste gong Hans køyrde utfor, var i 1949. Då køyrde han utfor i Halsvika og rett inn i naustet til Jon Steine.
 

I 50-åra begynte ting å endre på seg. I 1951 vart den fyrste traktoren kjøpt. Dette var ein Diesel Deutsch med sidemontert slåmaskin. Dei brukte denne til blant anna å slå graset på Langøya på Austrheim kvar sommar i 51-53. Det var Hans sin faste jobb å slå.
I 1948-49 kjøpte Trygve Wergeland ein 2,5 tonns Ford-lastebil. Det var ikkje Ford-motor i den, det var sett inn ein anna motor. Tre mann spadde sand opp i lastebilen og køyrde det til sjøen, der båtar henta sanden.

I 1949-50 vart det kjøpt vinsj med bom og ein balje som tok 1 hektoliter. Det var far til Trygve, Hans d.e., som vinsja mens Hans d.y. var på skulen. Hans d.e. døydde i 1956, 86 år gamal.
I 1951 kom det ein totromla vinsj med slepeskrape. Denne skrapte sanden fram, tippa han på ei harpe og vidare i silo. Det fyrste året overtok dei gamle reketrålarwirear frå reketrålarane i Fureneset til slepeskrapinga. Dette var i bruk fram til 1956. Det vart og kjøpt inn ein ny traktor i 1956, det var ein Brown 950. Dette var den fyrste traktoren som vart seld av Wilhem Gullaksen  A/S. Sommaren 1952 kjøpte dei ein tysk lastebil som heitte Klökner. Dette var ein bil frå krigens dagar, ein 1942 modell. Lastebilen hadde 4 hjulstrekk og hydraulisk tipp, lasteevna var på 5 tonn. Bilen vart kjøpt av Standal i Florø. Bilen hadde sandkøyring fram til 1955. Den var og mykje brukt til turkøyring mellom Eidsbotn og Dalsøyra. Då var kassen ofte full med folk. I 1955 bytte dei Klökneren ut med ein ny Bedford. Dette var den fyrste lastebilen som var innkjøpt i Gulen. Denne bilen hadde ei 5,5 tonns lasteevne, og var utstyrt med ein 5,50 Hiab wirekran. Denne var i bruk fram til Hans køyrde rundt med han på Rambjørgbrua i Masfjorden i 1968.I 1956 kom Trygve i kontakt med Erns Lunner. Trygve kjøpte retten til sementblokk-produksjon og maskinene hans. Då Ernst Lunner skulle reise, skulle Hans køyre han til båten i Halsvika med Bedforden. Då dei kom til Sagasvingen i Halsvika, kolliderte dei. Då Ernst Lunner skulle registrere produksjonsrettane i Oslo, hadde han gløymt kva firmaet skulle heite. Det einaste han hugsa var Halsvik. Det andre namnet i firmaet blei støyperi. Grunnen til at han hugsa Halsvik, var kollisjonen. Slik vart namnet Halsvik Cementstøyperi til ved ein tilfeldigheit, og kollisjonen ein del av historia.

Våren 1956 starta ombygging av gamlefjøsen til installering av blokkproduksjon. Dei laga blandemaskin av ein gammal bilkardang ved å setje eit kar på den. Alt arbeidet vart gjort med handkraft. Gleda ved å ha arbeid, var så stor at slitet var ingenting å klage over. Etter at blokkproduksjonen starta , utvikla den seg sakte men sikkert i åra 1956 til 1959.I 1959 kjøpte Halsvik Cementstøyperi nytt, og mykje betre blokkutstyr frå ein i Fana, som ikkje hadde klart seg økonomisk og måtte selje. Med dette og det gamle utstyret, flytta dei inn i kårhuset til Netteland. Netteland var nabobruket på Steine, som Trygve kjøpte i 1944. Her foregjekk produksjonen heilt fram til 1963. I alle desse åra var det Trygve som bar lasset og alle dei tunge byrdene, men borna og særleg sønene lærde seg fort å følgje etter.
 

Ny generasjon

I 1959 sende Hans Wergeland inn anbud på riving av fiskemessa i Bergen. Han kjøpte bygningane av messa, reiv dei og selde dei. Dette overskotet gav eit løft 10 år framover. Hans hadde 60.000 kr. på konto etter denne butikken. Dette la grunnlaget for alt han har fått til. Pengane vart bl.a brukte til flysertifikat og huset han bygde til seg og familien. Då Hans kom heim frå militæret i 1962, starta han oppbygginga av fabrikken på Steine. Nye maskiner vart innkjøpte, ny blokkmaskin og røyrmaskin. Dei arbeidde dag og natt for å klare forplikelsane. I 1965 gifta Hans seg med Sølvi Sagen. Dei fekk fem born: Mette Karin, Trude Aina, Siv Hege, Terje og Grethe. I 1971 kjøpte Sølvi og Hans ut Trygve sin andel i fabrikken. Den nye fabrikken Wergeland Bygg vart etablert, dette vart ein kjempeinvestering, på om lag 7 millonar kroner. Taksteinfabrikken vart åpna i 1978.

Den 29.5.1979 døydde Trygve Wergeland. Det vart eit stort tomrom etter han. ”Det var som om heile veggen bak meg datt”, skal visst Hans ha sagt. I den fyrste delen av 1980-åra var det lite med investeringar. Det var mykje hardt arbeid for å klare det dei hadde gitt seg ut på. Men i 1982 vart det ombygging og installasjon av ny blandestasjon. Elles var det ingen investering før i 1986.
I 1984 vart selskapsstrukturen endra. Det vart danna eit holdningselskap som eigde dei andre selskapa. Halsvik Cementstøyperi, som fram til no hadde vore privat eigd av Sølvi og Hans, vart no A/S og lagd under eigarselskapet Wergeland Holdning. Det same vart gjort med Wergeland Bygg A/S og Sløvåg industriservice A/S. Omsetninga var i 1971 på 75.000 kr, i 1990 på 12.000.000 kr, i 1986 på 34.000.000 kr og i 2009 på ca 195.000.000 kr. I 1987 selde Sølvi Wergeland sine eigarinteresser i Wergeland Holding. Ekteskapet mellom henne og Hans gjekk i oppløysing, og ho flytta seinare til Fyllingsdalen i Bergen. Då Sølvi forlot bedrifta gjekk eldstedotra til Hans, Mette Karin Wergeland inn i selskapet og overtok Sølvi sine aksjar. I starten av 1990-åra selde Mette aksjane sine i bedrifta tilbake til Hans.
 

Industri områda i Sløvågen

Tilrettelegginga av industritomta og nyefabrikken i Sløvågen starta midt i 1980 åra, og i 1983 kjøpte Wergeland Holding 65000 km2 jord av Leif Unneland. Utskyting og utgraving av industriområdet starta hausten 1983 og varde fram til sommaren 1984. Då vart kaia bygd. Det var ei djupvannskai som i dag tek imot store båtar. Bl.a suplaybåtar frå Nordsjøen. Kaia er 40 m lang og 15 m djup.
 

I 1985 vart Sløvåg Industriservice skipa.
Den nye taksteinfabrikken produserte sin fyrste takstein 7.april 1990.
I 1990 vart Lars Hellandsjø tilsett som selgar av betongprodukt i Halsvik Cementstøyperi. Med han kom bl.a inn nye ideer for vidare utvikling av bedrifta. I 1993 vart han dagleg leiar av Halsvik Cementstøyperi A/S og Sløvåg Industriservice A/S.

Nye kontraktar og ny familie

I 1990 gifta Hans seg opp att med Irene Perly Kjelby.
Frå eit tidlegare ekteskap hadde ho to born: Raghnild Reknes Kjelby og Bjørnar Reknes Kjelby.
15. desember 1991 skreiv Sløvåg Industriservice A/S kontrakt med Hydro, Statoil og Saga for mottak og behandling av borekaks og sloppvatn frå Nordsjøen. Og i 1992 kom ein ny Trygve Wergeland til verda.

Forbrenningsanlegget starta opp 16. mai 1992, eit pionerarbeid og iforbrenningsanlegg som ingen andre hadde tilsvarande i Noreg. Denne kontrakten pågår den dag i dag.
I 1994 kom knuserverket i Sløvågen. Mengder av fjell og berg vart knust i ulike storleikar for uttrans-sportering som pukk til stader i Noreg og i utlandet, bl.a til leidningar på havbotnen i Nordsjøen, til jernbanelinjer i Nederland og i Canada, pukk til Afrika og mange stader i Europa. I 1996 selde dei 50 % av knuseverket til Camas PLC, som var eit engelsk selskap. Camas PLC skifta seinare navn til Aggregates industries. Knuseverket skifta namn til Halsvik Aggregates A/S. I 2008 selde dei sin andel til Aggregates Industries.
 

I 1996 kjøpte Halsvik cementstøperi Solund verft.
 

Maritim

KF- Fjon-M

I 2000 starta arbeidet med bygginga av kabelferja KF-Fjon-M ved Solund veft. I 2001 vart kabelferja sett inn i sambandet mellom Masfjordnes – Duesund.
Er den einaste kaberferja i riksvegsamband.
Kapasitet: 20 personbilar, 60 passasjerar.
51 % av Solund verft vart seinare solgt vidare til andre eigarar.
 

M/S Halvik III
Veg ca 1200 tonn, 1300 m3. Sjølvlossar med Volvo EC 290 gravemaskin,
2,5 m3 grab.
 

Sea Dog
Taubåten Sea Dog har ein kapasitet på 700 hestekreftar og benyttast til fortøying og slepeoppdrag.

I 1998 vart Wergeland shipping stifta. I årsskiftet 1996-97 kjøpte dei den fyrste lastebåten, den fekk namnet Halsvik. Like etterpå kom Halsvik II og Halsvik III.
På slutten av 1990 årene hadde Halsvik Cementstøyperi over 100 tilsette.
I 1995 kjøpte dei Bio Produkter AS. Bio Produkter AS vart kjøpt av Svein Utkilen. Selskapet hadde eit mobilt reinseanlegg som seinare vart nytta i samband med forbrenningsanlegget. I 2000 blei alle selskapa fusjonert inn i Sløvåg Industriservice, namnet blei endre til Wergeland Halsvik og eit gammalt selskap vart no ei avdeling. Dei lagde avdelingar for: betong, boreslam og offshore avfall, farleg avfall, maritim, verft, ferjer og administrasjon.
I 2003 kjøpte Wergeland Halsvik Foldal verk i Repparfjord i Kvalsund kommune, Finnmark. Foldal verk vart bygd om til steinknuseverk, frå anlegget tok dei ut stein som vart lagt på ein gassleidning inn til Melkøya. Dette prosjektet varte i tre ½ år, 2003 – 2007.
Wergeland Holding vart stifta i 1985 . Dette er morselskapet og er eit familieselskap, det vil sei at det er folk i Wergeland -slekta, inngifte eller born av inngifte som har aksjar. Dei som arbeidar i selskapet har A-aksjar med stemmerett, medan dei andre har B-aksjar utan stemmerett. 
I 2008 overtok Wergeland Holding GMU (Gulen og Masfjorden Utbyggjingsselskap), dei eigde 50% fra før. I dag er det om lag 70 tilsette eller innleigde ved Wergeland Halsvik, og 40 i Halsvik Aggregates.

CC BY-NC 4.0 Wergeland Holding av Margrethe Wergeland Hellandsjø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Margrethe Wergeland Hellandsjø, 2010
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Irene Kjelby Wergeland, Lars Hellandsjø, Trude Wergeland, Bjørnar Reknes Kjelby.
Kommune: Halsvik