Sidemeny+

Sylvmedaljen til Gamle Lars

Posted on 2. jun 2010 by in Jordbruk

Foto: Anne Grete Hønsi Opdalcbn

Huset på Sandalsneset i dag Foto:Anne Grete H. Opdal

På 1600 – 1700 talet var det ei tid kalla ufredstida. Då var det like vanleg at folk fekk kornavling som ikkje. Kornet fraus vekk. Når dei ikkje fekk matkorn, måtte dei nøye seg med bork- og mosemjøl.

Lars Olsen Kjellbu

1730 vart Lars Olsen Kjellbu fødd. Han vaks opp i nokre av dei verste hungersåra. Han blei ein ekspert på korn og spiring.

Han blei kalla »Gamle Lars» fordi han var gamal ungkar. Då han blei 62 år gifta han seg med ei 30 år gamal dame. Det var i 1792. Han fekk fem søner, men kun tre vaks opp.

Då han tok over garden på Kjellbu, reiste han til stranda mellom Uddalen og Dyregrov. Der lagde han to åkrar og sette opp steingjerde rundt.

 Korndyrking

Om vinteren strødde han myk på åkrane sine. Myka bar han frå Kjellbu til Sandalsneset. Ca. 5 km. Han sådde kornet og tok godt vare på åkrane sine. Kornet vaks opp og kunne haustast år etter år. Det var nemleg ikkje så kaldt på Sandalsneset , nede med sjøen, som på Kjellbu. Det ligg ein fråflytta gard der i dag.

 Sylmedaljen

 Han fekk ein sylvmedalje for dette gode arbeidet, for ryktet om dette gjekk vide omkring og kom heilt til kongen i København.

Medaljen fekk han av «Det kongelege danske landhusholdningselskab» og på baksida står der: »Bevis på ein god borgers udviste patriotiske flid»

 Buskap

Han fekk også kalvar av god rase ifrå Danmark. Slik fekk han større og betre dyr enn naboane. Han Gamle Lars på Kjellbu var med andre ord ein framsynt mann og gjennom korndyrking og foredling av kyr var han med å betre framtida for folk som kom etter.

Han døyde i 1799
 

Fotograf: Anne Grete Hønsi Opdal

Fotograf sylvmedaljen: Elisabeth Wergeland

CC BY-NC 4.0 Sylvmedaljen til Gamle Lars av Frida Daae Eide er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Frida Daae Eide - 2010
Klassetrinn: 8. Klasse
Kjelder: Jørgen Opdal-eige hefte
Kommune: Kjellbu