Sidemeny+

Øksa på Øksefjellet

Posted on 2. jun 2010 by in Immateriell kulturarv

Foto: Silje Hallandcbn

Kvinnene i ly for vinden Teiknar:Silje

Det står ein oppreist stein med ein innhoggen kross på, på fjellet mellom Opdal og Kjellbu. Under den låg to kvinner , for å unngå uveret. 
 

Plassering i kart

For lenge sidan var det to fattige kvinner frå Ynnesdal. Dei hadde vore til Uddalsbygda for å spørja om litt hjelp til mat og klede. Så starta heimattreisa, med litt av kvart å bere. Dei gjekk frå Kjellbu, opp Geitenipa, over høgaste Rustene på nordsida av Ranane. Dei hadde masse å bere og veret var ikkje godt. Uveret og det dei bar på, tok kreftene deira. Dei sette seg i ly for vinden.
 

Då det hadde gått nokre dagar, begynte dei heime å bli bekymra. Dei sende ut folk for å leite etter dei to  konene. Folk fann dei under ein stor stein. Dei hadde prøvd å unngå uveret. Men dei klarde seg ikkje, dei hadde lege så lenge at dei fraus i hel.

Ved steinen dei låg under, står der i dag ein oppreist stein som liknar på ei øks, slik at steinen peikar mot Geitenipa. Slik står steinen til minne om kvinnene og som ein vegvisar for andre som kan få uvær på seg.

 

Kjelder: Jørgen Opdal-eige hefte 

CC BY-NC 4.0 Øksa på Øksefjellet av Silje Halland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Silje Halland,2010
Klassetrinn: 8. klasse
Kommune: Oppdalsøyra, Øksefjellet