Sidemeny+

Nyborg

Posted on 2. jun 2010 by in Person

Foto: Rut Sandnes Voldall-rights-reserved

Gulehytta

Nyborg er ein liten plass i Gulen, om lag 2 km frå Dalsøyra. Det er 6 menn, som har vore med å gjere Nyborg kjent.
Det er : Elias K. Furubotten ,Ole Erikson ,Erik Olsson Sandnes ,Oddmund Sandnes ,Egil Sandnes og Ørjan Sandnes

 

Plassering i kart

Elias K. Furubotten

Elias K. Furubotten kjøpte seg landjord frå garden Glosvik. Han fekk skøyte på denne landjorda i 1883 og kalla plassen Nyborg. Han bygde fire hus: Våningshus i tømra bindingsverk, sjøbu i bindingsverk og  spontak, fjøs og låve i tømra bindingsverk og privet i bindingsverk med takstein.Etter ei tid reiste Elias til Kilstraumen og starta handel der.

Ole Erikson

Ole Erikson dreiv bakeri og handel i Kilstraumen. Han kjøpte Nyborg på ein auksjon etter Elias K. Furubotten. På Nyborg begynte Ole med bakeri og handel. Ole bygde steinkai, bakeri og bustadhuset, som står den dag i dag. Etter 1/4  1891 hadde Nyborg også postopneri med namn Guløy og telefonstasjon. Hans Hansen som jobba som smed, kom  med idear om å bygge skytebane med  skyttarhus og å ha  eigen skulekrins på Nyborg. Slik vart Nyborg eit knutepunkt for heile Indre Gulen.

Erik Olsson Sandnes

Erik Olsson Sandnes, son til Ole Erikson, var ein mann, som slo seg til ro på Nyborg. Han tok over bakeriet og handelen etter faren. Erik dreiv bakeriet frå 1929 – 1939. Då overtok sonen Einar (f.1915). Einar sin bror Henry arbeida der også i 30- åra. Henry fortalde at når julehandelen sette inn, var det hektisk i bakeriet. Då jobba dei 2 skift. Og før dagen var omme måtte dei få brøda rundt til butikkane i Gulen.  Der var ikkje vegsamband, så brøda vart frakta med eigen båt. Båten heitte Rapp. Bakeriet vart teke av tyskarane og nedlagt då det ikkje fanst meir råstoff å få tak i.Telefonen vart lagt under Dalsøyra i 1954, det samme skjedde med posten i 1968. Folk begynte å flytte bort frå Nyborg. Og skulen vart nedlagt fordi det var for få barn. Erik dreiv handelen  heilt til 1963. Etter det dreiv han med skyssbåt. Han reparerte motorar og lada batteri mm.

Oddmund Sandnes

Oddmund Sandnes, son av Erik Olsson Sandnes, var fødd 19/2  1914. Oddmund dreiv ei stund handel på Nyborg og han ominnreida husa, og leigde dei ut til folk som var på ferie i Gulen. Oddmund var elektromontør i Gulen i fleire år. Oddmund bygde og hus på Kjellevold og i 1968 tok Oddmund over Dalsøyra Landhandel. Kona til Oddmund, Gudrun, arbeida på telegrafstasjonen på Dalsøyra.

Egil Sverre Sandnes

Egil Sverre Sandnes vart fødd 9/11  1939. Egil var byggmeistar, men slutta praksisen i 1975. I 1971 utvida han driftsbygningen og skipa Birkeland Plastindustri. Der var 12 tilsette. BP produserte glassfibertankar for olje og vatn. I 1972 avvikla han BP. Egil vart no byggjeleiar i to år og bygde Dalsøyra og Byrknes skule. Han vart sidan sjåfør i Fylkesbåtane, seinare Sogn Billag. Tidlig på 90-tallet vart det bygt  fem bygsle-hytter. I 1995 vart ei stor brakke frå Mongstad ombygd til utleigehytte for turistar.
Ørjan Sandnes
Ørjan Sandnes driv i dag Gulen dykkesenter i lag med Monica Bakkeli.

CC BY-NC 4.0 Nyborg av Rut Sandnes Vold er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Rut Sandnes Vold, 2010
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Gulenboka 1 Eli Sandnes
Kommune: Nyborg