Sidemeny+

Nyborg Skyttarlag

Posted on 2. jun 2010 by in Friluftsliv og idrett

Foto: Torstein Virkesdalcbn

Klar, eld!!

Nyborg skyttarlag blei stifta i 1899 og er fortsatt på beina etter over 100 år. Litt av historia frå gamledagar og fram til i dag.

Plassering i kart

17. mai 1899 vart Nyborg skyttarlag oppstarta, målet var å trene opp personar til å forsvare landet i tilfelle krig. Johs. L. Nygård var den fyrste leiaren, som var leiar  sju gonger.
Fyrste året var det 19 medlemar og i 1904 var det komme opp i 55 medlemar.Den fyrste Krag-Jørgensen- rifla vart kjøpt i 1905.Det var eit omdiskutert tema på årsmøta fire år på rad. Skota kosta heile 1½ øre dyrare enn til Lunds- rifla.  Men skyttarhus kom det ikkje før i 1910 og laget tok opp lån på 250,- kr av Gulen Sparebank. Seinare då huset var ferdig, blei det også brukt til skule i 28 år og med ei husleige på 96,- kr i året.
I 1919 var det 20 års- jubileum og det vart halde fest for ungdomane på 17.mai. Den 13.08.1939 blei det siste møtet før krigen halde.Ikkje før krigen var over, den 24.07 1945 blei  neste møtet helde. I 1951 blei det siste årsmøtet halde, og det blei ikkje skrive noko i møteboka før 18.09.1960 .Då arrangerte dei eit nytt møte for å få Nyborg på beina att. Det kom til saman14 personar på møtet og ny formann vart Oddmund Sandnes. Etter møtet kom det planar om utviding av bana. Samme året kjøpte dei kulefangarar til inneskyting og starta med det og. I1965-66 blei det bygt ny bane på dugnad. Året etter blei det fyrste samlagstemnet arrangert på Nyborg

I 1969 var laget 70 år og det blei ein lystig fest i Dalsøyra bedehus og medlemane var glade over å ha fått laget på fote att. Nye dugnadstimar gjekk  med, og i 1977 er innandørsbana klar for bruk i kjellaren på Dalsøyra skule. Seinare i 1980, gjekk  Nyborg stemna innandørs av stabelenn. I 1984 avløyste Jørgen Virkesdal Nils Knarvik som formann, og økonominemda blei oppretta med Else Westervik som leiar. Det vart kjøpt inn lagsdrakter, som var grøne med logoen til skyttarlaget på.I 1985 begynte skyttarlaget  å byggje ny skytebane og skytehus på Tjørneleitet.
Tilsaman kom bana på 1.436.425kr. Det fyrste spataket vart teke den 26.02.1986. Det meste blei gjort på dugnad. I 1987 starta økonominemda kiosk ved Sløvåg ferjekai, som var open kvar sundag, som dei  tente gode pengar på. Gulen kommune hjelpte til med gratis planleggjing. I 1989 ytte Forsvaret 200.000 og  dei fekk ein bruksavtale på 20 år. Gåver og rabattar vart gjeve. Året 1989 var eit jubileumsår. Nybork skyttarlag fyllte 90 år, og det vart opning av den nye skytabana med 20 skiver på 200 m, 16 skiver på 100 m, elgbane, leirduebane, parkeringsplassar og asfaltert veg. Totalt kom kostnadane  opp i 200.425 kr. Året etter kjøpte ein nye lagsdrakter , blå, lilla og kvite med «Nyborg Skyttarlag» på baksida. Vestlandstemnet blei arrangert i 1993. Det deltok over 350 skyttarar frå heile Vestlandet. I 1999 var Nyborg 100 år og det vart laga jubileumsstemne og jubileumsfest med 120 gjester og hjortesteik på menyen. Året 2001 vart det installert elektroniske skyteskiver på Tjørneleitet. Då Kong Harald kom til Gulen i 2002 hadde Nyborg ansvar for sal og vakthald. I 2003 blei Nyborg sponsa av BKK med T-skjorter, og i 2004 starta ein med bedriftskyting med 24 lag.

CC BY-NC 4.0 Nyborg Skyttarlag av Robin Rambjørg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: 2010
Klassetrinn: 9
Kjelder: http://nyborg.skytterlag.no/ Jørgen Virkesdal
Kommune: Dalsøyra