Sidemeny+

Losjen på Dalsøyra

Posted on 2. jun 2010 by in Immateriell kulturarv

Foto: Sunniva Sleirecbn

Regaljer

Losjen er ein del av IOGT som står for International Organisation of Good Temlars (Godtemplarordenen). På Dalsøyra var det to losjar. Barnelosjen heitte Bløming og den vaksne losjen Me Vil. Møta vart haldne i klasseromma på gamleskulen. Barnelosjen hadde møte på søndagar ein gong i månaden.

Plassering i kart

Formålet med losjen var å skape miljø som sa nei til alkohol i allslags former. Både Blømng og Me Vil var sjølvsagt heilt frivilleg og var noko  borna gledde seg til kvar gong.
I losjen var det eit styre med ombodsmenn, dei heitte:

Øverste-templar: Leia møta og las opp ritualet ved opning og slutt.
Skrivar: Skreiv i møteboka for kvart møte.
Finans-skrivar: Tok imot pengane kvart kvartal.
Skattemeistar: Førte rekneskapet.
Kapellan: Bad for møta, ein slags «prest» for Losjen.
Marsjal: Tok vare på regaljane og la dei klare på pultane til alle møta.
Dørvakt: Passa på døra.
Vakt: Tok imot passord.
Vara-templar: Steppa inn viss Ø.t. ikkje var til stades.
Vara-skrivar: Steppa inn viss skrivaren ikkje var til stades.
Vara-marsjal: steppa inn viss marsjalen ikkje var til stades.

Regaljane var noko ombodsmennene og dei andre menige hadde rundt halsen. Ombodsmennene hadde raude regaljar og dei menige hadde kvite. Alle såg på kvarandre som ”brødre og søstre” i Losjen. Losjen var ganske hemmeleg og hadde ulike passord og hemmelege teikn. Difor måtte dei ha vakter. Passord vart skifta kvart kvartal. For kvart møte var det viktig at rommet som det vart halde møte i, var systematisk møblert og med ombodsmennene for seg og dei menige for seg. Losjen handla ikkje berre om alkohol, men også om å ha det gøy, og mange barn lærte også mykje om å lytte, lese opp for mange folk og vere aktive.

Bløming hadde underhaldning etter at øverstetemplar hadde lest opp ritualet. Underhaldninga var noko dei kalla Barnetankar. Det var ei avis som ein og ein skreiv i til kvart møte. For mange barn var dette høgdepunketet  når det var deira tur til å lese opp. I avisa kunne man skrive dikt, songar, historiar, forteljingar og liknande. Som underhaldning hadde dei også forskjellige leikar og dei song mykje i ei Godtemplarsongbok. Ein song dei sang mykje var: «Kva me vil, ungdomsflokk?»

Losjen skulle få folk til å sei nei til alkohol, difor hadde dei ei ordning som gjekk ut på å ”gå opp grader”. For kvar grad du skulle opp, måtte du avgi eit livsvarig løfte. Viss ein blei tatt i å drikke, blei man ekskludert og kunne ikkje lenger vere eit fullverdig medlem.

Losjen kosta 75 øre for kvart kvartal. Dei arrangerte også reiser og turar.

Bløming blei stifta 1935, 24. februar kl. 17.10 og siste dokumentasjon er 16. mai 1968.
Me Vil vart skipa 1934. Siste dokumentasjon var 1955.

CC BY-NC 4.0 Losjen på Dalsøyra av Sunniva Sleire er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Sunniva Sleire, 2010
Klassetrinn: 8. klasse
Kjelder: Eli Sandnes og Trude Kjellevold
Kommune: Dalsøyra