Hyrrokkinir i flammar

Bukkesteinen i Nordalen.
I vikingtida var det mange langskip, som for forbi den vakre bygda Hyrrokkinir. Ein dag kom Gladværskongen,og han hadde med seg mykje av verdi. Han blei illsint då han vart rundstolen av nokre kjeltringar.
Plassering i kart
Brandanger fekk namnet sitt etter ein brann i vikingtida, då nokre røvarar rundstal ein ”konge” frå Gladværet. Gladværkongen skulle slå ly for natta på stranda i Hyrrokkinir (det gamle namnet til Brandanger). Då han og alle mennene hans hadde sovna, kom det nokre røvarar ned Nordalen, og tok alt av verdi. Dagen etter blei kongen beint rasande då han oppdaga at han hadde blitt rana. Han prøvde å jakte på røvarane. Men ettersom han ikkje visste kvar dei heldt til, var det heilt umogleg og finne dei. Etter nokre veker med jakting og leiting i reint raseri, blei han så lei at han kommanderte mennene sine til å sette fyr på skogen. Då natta hadde blitt til dag, merka røvarane det. Dei prøvde å berge alt av verdi og ro vekk. Men det var ein, som gøymde seg under Bukkesteinen i Nordalen. Der murte han rundt steinen for at ikkje flammane skulle ta han. Og då det kom ei sterk røyklukt, tetta han muren med torv og våt mose. Brannen varde i fleire veker. Mannen overlevde truleg brannen, men omkom av røyken i etterkant.
Spøkelse?
I seinare tid (1900-talet) er det observert ein mann som går og trakkar einsleg i området ved Brattelia, og mannen skal vist ha forsvunne i lause lufta når ein blunkar. Andre har sett ein einsleg mann med skinnbukse, kvite sokkar, ei raud topphue og med ei lang stong i handa, som forsvin når ein vender ryggen til.
Ny brann
I 1955 skjedde det så ei ulukke med bråtebrann. Det var ein bonde på Brandanger, og ein på Setnes, som skulle brenne rotegras. Men flammane blei etter kvart umogelege å kontrollere. Denne brannen blei heldegvis stoppa før den rakk skogen. Bestefaren min Gustav var med å sløkke då han var berre 13 år.
Hyrrokkinir i flammar av Jan Eirik Baarøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.