Sidemeny+

Gulen-luftsportklubb

Posted on 2. jun 2010 by in Friluftsliv og idrett

Teikning av ørnetreffet på 80-talet Teiknar:Arve

Ein klubb i endring

Plassering i kart

Gulen-hangliderklubb blei starta ein månad før jul i 1976, men då heitte klubben Eagles-hanggliderklubb.Audun Nygård var formann og Brigt Nerdal var nestformann. Då var dei 18 medlemar frå Gulen. Dei var frå Dinja, Eivindvik og Dalsøyra. I 1978 blei Brigt Nerdal formann. Då blei det skifta namn til Gulen-hangliderklubb.I 1986 vart Kjell Borge formann og då kom paraglidarane på mote. På den tida var det allereie bygt taubane opp på Slengsolfjellet i Dalsbygda. Seinare blei det også bygt  taubane  på Glenja, til å sende opp utstyr med. Hovudplassen til klubben har alltid vore Dalsøyra.

Reiser

Klubben reiste mykje, blant anna til Damnark, der dei flaug på sanddynene. Kvar sommar gjekk turen til Vågå, der rikssenteret er. Der er det både NM og andre konkurransar. Ein gong reiste dei til Bodø på Midnattsolcuppen.Dei 10 fyrste åra hadde klubben eigen buss, den reiste dei rundt og campa i.

Siste namneskiftet

Klubben skifta namn endå ein gong til Gulen-luftsportklubb i 2002. Det var fordi hangglidarane vart i mindretal i klubben, og luftsportklubb var eit meir dekkande namn. I 2009 vart det laga  ny avdeling for modellfly. Nokre av medlemane har og mikrofly, og på Dalsøyra har dei både flystripe og hangar.

Ørnetreff

Ein gong på slutten av 80-talet var pilotane Roy Nerdal og Vidar Virkesdal i lufta med kvar sin hangglidar. Etter ei lita stund kom det ei ørn og la seg til å flyge attmed dei. Så kom det endå ei ørn. I bortimot 30 minuttar flaug dei to ørnene i lag med hangglidarane. Dei flaug so nært at dei fekk studere ørnene på nært hold. Det var ei flott oppleving for pilotane.

Treff

Kvart år ,i mai, pleier luftsportsklubben å arrangere treff i Dalsbygda. Då kjem det folk frå andre klubbar for å flyge i lag og ha det sosialt. Før hadde dei ofte konkurransar når dei hadde treff, men det har dei ikkje lenger.

Oppvisning

Av og til blir dei spurde om å flyge oppvisning på forskjellige arrangement. Nokre paraglidarpilotar kan flyge tandem, slik at folk kan prøve korleis det er å flyge. Det er populært ,spesielt i utdrikkingslag eller som gåve.

Extremsportveko og andre treff

Mange av medlemane pleier å treffast på Voss under Extremsportveko. Nokre er med å konkurrere og. Ein av medlemane Kjartan Andvik har delteke i fleire VM acroflyging med paraglider, han hevdar seg i toppen. Av og til reiser dei eldste medlemane på Oldboystreff i Øystese. Då leitar dei fram att gamle hangglidarar, som dei flyg med.

Klubben har instruktørar, slik at dei kan halde kurs for folk som vil lære å flyge paraglidar og hanglidar.

I dag er det ca 50 medlemar frå Gulen, Masfjorden og Lindås.

CC BY-NC 4.0 Gulen-luftsportklubb av Arve Nerdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Arve Nerdal, 2010
Klassetrinn: 9. klasse
Kommune: Dalsbygda