Sidemeny+

Flyvraket på Grindefjellet

Posted on 2. jun 2010 by in Pedagogikk

Teikning av same type flyTeiknar:Torstein

Den 13. november 1942 vart flyet Junkers JU 52 savna. Fem veker seinare den 18. desember, var det ein som heitte Martin Tangedal som seinsanka sauene sine over Virkesdalen på Dalsøyra. Han kom over flyet. Og melde frå til lensmannen i Gulen same dagen.

Plassering i kart

Flyet var på veg ifrå Ålborg i Danmark, til Tromsø, og hadde mellomlanda i Bergen. Flyet gjekk ned fordi det kom for lågt og det var skodde den dagen. Det kom nokre tyskarar ilag med lensmannen i Gulen, Jakob Eikenes. Dei for opp om kvelden og oppserverte kva som hadde hendt. Der var seks døde personar i og rundt vraket. Det vart då ordna med lokale folk, som skulle hente ned dei omkomne. Flyvraket vart sprengt med dynamitt på plassen.
Dei omkomne vart borne ned til Virkesdalen og lagt i kister, utan nokon seremoni. Dei vart køyrde med hest og kjerre til Dalsøyra og vart sende med rutebåten til Bergen. Dei vart seinare gravlagde på Havstein kyrkjegard i Trondheim. Dei døde var: Werner Hoffmann (flygar), Willhelm Steinhauer (radiotelegrafist), Günther Uhlig (skyttar), Adam Eschborn (flymaskinist), Treuwart Teichgräber (passasjer) og Ewald Brackmann (passasjer).

 

Lika vart henta ned i Virkesdal
Trygve Virkesdal var ein av dei som henta lik ned frå fjellet. Dei var 12 stk., alle var frå Dalsbygda. Nokre av dei som var med var: Trygve Virkesdal, Harald Nerdal, Guttorm Nordal, Jon Eggum, Henrik Nordal, Hans Slengsol, Sjur Dale og Ivar Virkesdal. Då dei gjekk opp, låg det grønsaker langt nede i dalen, som hadde vore i flyet. Vel oppe lagde dei «bårer» til å bere lika på. Det var hesjestaur med plankar over. To og to bar ned eitt lik kvar. Då dei kom opp, fann dei ein med ullteppe over seg, som truleg hadde vore i live. Dei fann også ein med hovudet nedi ei myr, og nokre var brende opp inni vraket. Dei vart dekka til med striesekker. Dei som ikkje var brende opp hadde uniform på seg. Lika vart borne ned til Rishaugsnyva. Bertil Lihaug og Willhelm Lundvang kom og henta lika med kvar sin hest og kjerre med høyvogn eller firehjulsvogn. Det var tre kister på kvar vogn og det samla seg mange folk for å sjå. Kasper Virkesdal og Einar Lihaug snakka med tyskarane, for dei kunne språket. Tyskarane klipte dødsmerket av uniformen og la dei i kistene. Dei som var med å bere fekk 100kr kvar. Trygve Virkesdal og Harald Nerdal bar opp all dynamitten i lag med nokre tyskarar. Trygve og Harald fekk eine flotøren. Men då dei skulle hente den, var den vekke. Det var nokre masfjordingar som hadde teke den. I dag er den på Bjørn Vest museet.

CC BY-NC 4.0 Flyvraket på Grindefjellet av Torstein Virkesdal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torstein Virkesdal, 2010
Klassetrinn: 8 klasse
Kjelder: Trygve Virkesdal og Noralf Virkesdal
Kommune: Virkesdal