Sidemeny+

Flådde bjørn med ljå

Posted on 2. jun 2010 by in Dyreliv, Immateriell kulturarv

Foto: Håkon Eidnescbn

"Sprang frå døden"

Bjørnen som angreip ei budeie.
 

Plassering i kart

 Kona til Lange-Ivar var på veg heim frå fjellet. Ho hadde vore av å mjølka. Ho var nett kommen heimom Halsane og passert den store hogjen (haugen) heimanfor Dikja.

Ho går og anar ingen fare. Plutseleg kjem ein stor og feit bjørn ut av skogen og slår til ho med labben, slik at ho dett i svime. Han dreg henne eit stykke vekk og legg henne i ifrå seg. Bjørnen ruslar så tilbake for å grave eit hol til byttet sitt. Men han held eit auge med henne, for han er ikkje sikker på om ho er heilt død. Litt om litt kjem kona til hektene att, og skarp som ho er forstår ho faren ho er i. Ho held seg roleg, mens bjørnen strever på. Etter ei stund har han greve så djupt at ho ser så vidt i baken på han.

Ho grip sjansen og legg på sprang. Bjørnen ensar ingenting og fortsett og jobbe.

Då bjørnen er ferdig med den store og fine hola til byttet sitt, ruslar han bort for å hente henne. Bjørnen skjønar fyrst ingenting . Men etter ei stund skjønar bamsen kva som har skjedd. Han finn nokre spor og legg på sprang etter.

Kona er nå kommen ned til smågarane mellom Bjønnehogjen og bøen. Då høyrer ho villbeistet etter seg i ein fælande fart. Kona har sneke seg gjennom landskapet utan å lage ein einaste lyd, til inga nytte. Ho kastar eit blikk bort på Vellemyrane, og der ser ho mannen sin. Han går der og slår med langorv. Kona set i eit skrik som ljomar, over heile Kjellbju. Han Lange-Ivar høyrer heldigvis skriket, ser bort og skjønar fort situasjonen. Mannen spring til møtes og plasserer langorven i bjørnen . Han brølar av full hals før han dett om.
 

CC BY-NC 4.0 Flådde bjørn med ljå av Håkon eidnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Eidnes 2010
Klassetrinn: 9
Kjelder: Jørgen Opdal-eige hefte
Kommune: Oppdalsøyra