Sidemeny+

Ein dramatisk gjødselhandel

Posted on 2. jun 2010 by in Historie

Foto: Øystein Havelandcbn

Kvitaoringen med geitegjødsel Teikning Øystein

Ved Kjøeneset i Sognefjorden heldt ein båt på å sekke. To gutar på 13 og 14 år kasta gjødsel på havet for harde livet.
 

Plassering i kart

Ein tidleg aprilmorgon i 1902 skulle ein mann frå Takle reise inn til Hauge for å kjøpe geite-gjødsel. Bonden på Hauge hadde fått så mykje gjødsel at han måtte selje noko av det. Bonden frå Takle eigde ein båt saman med naboen, ein selgbåt som vart kalla «Kvithaoringen». I fire-fem tida var han og dei to sønene hans på 13 og 14 år, på veg ut fjorden. Planen var å bruke austavinden utover, laste om natta, sigle ut Austgulfjorden med morgonvinden og kome inn Sognefjorden att ved middagstid.

Klokka ti om kvelden kom dei fram til Hauge. Dei betalte Hauge-bonden for ei last og drog geitegjødsla ned til sjøen på nokre kjelkar med karm og lesste på båten. Dei lesste heile natta. I tre-fire tida om morgonen var «Kvithaoringen» full-lasta. Dei tok fram niste-tina og ville ete. Til niste var det potetkake, fleskesneider, flatbrød og eit blekkspann med skyr. Etter litt søvn segla dei ut Austgulfjorden, men det var for lite vind. Det drog opp med skybankar frå sør. Dei måtte ro. Då dei kom ut i Eivindvik-sundet, vart det heilt svartestille. Då dei kom til Dingeneset var der berre dønningar. Om veret hadde vore slik som dei hadde rekna med, hadde dei sigla innover Sognefjorden. Men no måtte dei enten søkje hamn, eller krysse innover fjorden. Dei rodde inn til Rutletangane, men greidde ikkje å ro meir så dei byrja å krysse innover. Vinden friska på og det byrja å skvette over ripa. Dei to gutane tok kvar si bytte og skulle ause. Men gjødsla trakk alt vatnet til seg så det vart ikkje noko å ause. Dette var ikkje bra, båten vart tyngre og tyngre i sjøen og det byrja å regne i tillegg. Dei sigla inn mot Indre Hjartholm. Då dei kom 400-500 meter i frå land ved Kjøeneset, kom vinden ut frå land. Og då stod båten og reid på bylgjene utan å kome nokon veg. Vatn fossa inn både bak og framme. «Kvithaoringen» var så tung at han heldt på å søkkje. Då ropte faren til sønene sine at dei skulle kaste gjødsla over bord. No galdt det ikkje å få gjødsla med seg heim lenger, men å overleve. Hadde dei venta nokre sekundar, så hadde dei gått ned med mann og mus.

Båten letna og vinden kom att, med det var enno eit godt stykkje til Takle. Etter ein time var dei framme på Klysdalsviki, der dei fortøydde båten og gjekk heim. Dagen etter henta dei det som var att av geite-gjødsla. Dei fortalde ikkje før lenge etterpå, at dei heldt på å gå ned utpå fjorden.

CC BY-NC 4.0 Ein dramatisk gjødselhandel av Øystein Haveland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Øystein Haveland, 2010
Klassetrinn: 9.klasse
Kjelder: Ivar Kleiva Bilder: Anne Grete Hønsi Opdal
Kommune: Sognefjorden