Drukningsulykke i Gulen.

Båten kvelvarTeiknar:Ivan
I 1863 den 22.mars skulle 13 mennesker frå Dalsbygda i Gulen i barnedåp eller barsøl som det heitte den gongen. Det nærma seg vår, men det låg enno snø på bakkane.
Plassering i kart
Folk i Dale skulle i barnedåp til den fire veker gamle guten. Men Nils Brandanger på Brandanger nekta Sygny, kona si, å reise til kyrkje denne dagen, for det var så forferdeleg ver. Han nekta ho for han hadde fått eit forvarsel om at det skulle bli storm. Hans Dale og kona hans hadde ikkje fått noko forvarsel, så dei var like glad. Dei reiste ut frå Molde-fjæra og skulle til Eivindvik, men kom berre til Store-holmen. Der kom det ei stor vindråse og kvelvde båten. Dei fleste prøvde å komme seg opp på båten, som var snudd rundt. Mange kava forgjeves , berre fire greidde å berge seg. Seks stykke vart funne og gravlagt. Tre vart aldri funne og fire overlevde.
Dei som omkom i ulukka var:
Endre Olson Dale, 36 år. Gravlagt.
Kari Klausdtr. F. Lund, 30 år. Gravlagt.
Gutungen deira som kun var 4 veker gammal. Gravlagt.
Hans Jakobsen Dale, 37 ½ år. Ikkje funne.
Hans Ivarson Dale, 34 år. Ikkje funne.
Gjertrud Filsedtr. F. Slengsol, 34 år. Ikkje funne.
Sygni Olsdtr. Lund, 33 år. Gravlagt.
Johanne Jonsdtr. Lund 64 år. Gravlagt.
Gjertrud Jørgensdtr. Dale, 37 år. Gravlagt.
- Båten kvelvar Teiknar:Ivan
Drukningsulykke i Gulen. av Ivan Andersen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.