Sidemeny+

Ambulansetenesta i Gulen

Posted on 2. jun 2010 by in Arbeidsliv, Ymse

Foto: Leif Otto Hallandcbn

Ny gul ambulanse

I eldre tid var båten eit viktig framkomstmiddel, den var og viktig for transport av sjuke folk. Då vegen kom var det sjuketransport i drosje, fram til ambulansen overtok.

Plassering i kart

Det var kommunelegen som spurde Harald Halland om å starte opp med ambulanseteneste. I 1968 starta Harald Halland opp med ambulanseteneste. Han hadde ikkje utdanning, for det var ikkje eit krav på den tid. Han kjøpte både bilar og utstyr sjølv. Første bilen kjøpte han i Oslo og henta den i Bergen, bilen kosta ca kr 180 000,-. I seks år dekka Harald ambulansedrifta i både Masfjorden og Gulen kommune, (Masfjorden fekk eigen ambulanse i 1974). Det var fyrste gong det var ambulanse i kommunane, før var det båre i Taxiar. I 15 år dreiv han aleine utan faste tilsette, han leigde personar inn av og til etter behov. I den tida hadde dei ikkje mobiltelefon eller trådlause telefonar, så kvar dag måtte ein person alltid sitte telefonvakt. Det var ca 120 ambulanseoppdrag i året. Bilane vart bevarte i ein garasje han laga før han starta med ambulansetenesta. I 1974 kjøpte han ein halvautomatisk mobiltelefon, dei vart oppringt via kystradioen. I 1980 vart Leif Otto Halland, sonen til Harald, fast tilsett. I 1990 slutta Harald med ambulansetenesta. Tenesta vart då lyst ledig. Det var 7 personar som søkte om å få drive ambulansetenesta i Gulen, ein av dei var Leif Otto Halland, etter handsaming var det Leif Otto som vart valt til å drive tenesta. Leif Otto overtok ambulansetenesta 1. januar 1990. Han var då 29 år gammal. Leif Otto tok også ambulanseutdanning i 1990/91. April 1990 tilsette han Bjørg Andersen, slik at ambulansetenesta vart tomannsbetjent. Det var berre Bjørg og Leif Otto som jobba i ambulansen fram til 1997. Dei hadde vakt 24 timar i døgnet. Dei køyrde ca 300 oppdrag i året. Pasientane vart innlagde ved Førde sentralsjukehus. I 1998 vart person nr 3 tilsett, då var turnusen 14 dagar på og ei veke fri. I 1999 tilsette han ein til, då var dei fire personar i turnus. Turnusen vart då ei veke på og ei veke fri. Januar 2003 overtok Leif Otto også ambulansetenesta i Masfjorden, han hadde då to døgnbilar i drift, det var då totalt 8 tilsette i 100% stilling. Leif Otto tok fagbrev i ambulansefaget i 2003. 1. april 2005 overtok Helse Førde alle ambulansetenestene i Sogn og Fjordane. Alt personell vart då tilsett i Helse Førde. Leif Otto vart også tilsett, og jobbar i dag som assisterande ambulansesjef i Kirugisk klinikk, ambulansetenesta Helse Førde.

CC BY-NC 4.0 Ambulansetenesta i Gulen av Silje Halland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Silje Halland 2010
Klassetrinn: 8
Kjelder: Harald Halland og Leif Otto Halland
Kommune: Dalsøyra