Sidemeny+

Skriv ei forteljing!

Posted on 24. apr 2010 by in Pedagogikk

Ei forteljing vert til

Yes! kom det frå elevane då oppgåva vart gjeven. Kan vi skrive om kva vi vil? Denne gongen kan du det, svara læraren. Det vart heilt stille på datarommet, – lenge…. Heilt stille, om ein ser bort frå den ivrige tastelyden frå tastatura…

Elevane i 5.klasse har byrja på eit stort arbeidsområde i norskfaget, å skrive forteljing. Elevane har skrive mykje før. Dei kan skrive. Dei kan skrive forteljingar, eventyr, dikt, bokomtalar, fagtekstar, lister, plakatar, SMS, tankekart….. Dei lærte å skrive forteljing for lenge sidan. Men også på dette området treng dei å utvikle seg og kome vidare. Det er fantastisk med forteljingar skrivne av ein sjuåring, – slik ein sjuåring skriv. Skal det vere fantastisk når dei er ti-elleve år, må dei skrive på ein annan måte.

Plassering i kart

5.klassingar og forteljinga

Elevar på 5.trinn veit alt mykje om forteljinga, om byrjing, hovuddel og avslutting. Ofte skriv elevane det vi kallar ”bed-to-bed-stories”, dei ramsar opp alt som skjer. Ei forteljing skal ikkje vere ein rapport. Forteljinga har gjerne ei hovudhandling der spenninga bygger seg opp, og endar med ei løysing/avslutting. Elevane treng å verte utfordra på å skrive på nye måtar, bruke nye ord og vendingar.

Vegen vidare

I arbeidet med å kome seg vidare i forteljekunsten, skal klassen ta utgangspunkt i læreboka dei brukar, Zeppelin Språkbok 5, Aschehoug 2006. I kapittelet ”Å skrive forteljing”, skal dei arbeide ut frå desse underkapitla:
• Før du skriv
• Korleis vil du begynne?
• Kva skal skje i forteljinga di?
• Korleis skal forteljinga di slutte?
• Korleis gjere teksten betre?
o Fang lesaren, bruk sansane, skriv om personar, skriv om ein stad
I desse kapitla er det døme på korleis det kan gjerast, oppgåver der elevane prøver seg fram på dei ulike delane av forteljinga. Gjennom lesing, oppgåveløysing, samtalar, respons frå medelevar/”skrivevenn” og lærar, skal elevane få meir kunnskap om forteljeskriving, og mange nye idéar til sitt eige arbeid med forteljinga.

Resultat?

Arbeida til elevane desse vekene viser at alle har kome seg vidare i skrivekunsten. Elevane såg det sjølv på forteljingane sine, og dei var synleg stolte over resultata. Klassen avslutta arbeidet med høgtlesing av mange av forteljingane i klassen. Ein av kommentarane som vart gjeven til ein tekst var: ”Du skreiv slik at eg såg for meg bøen heime med alle sauene om våren.”

 Meir om resultatat

Det var ikkje berre fyrste dagen elevane var ivrige med skrivinga. Dei diskuterte ivrig ulike måtar å starte ei forteljing på, korleis den kan slutte og korleis vi kan halde på lesaren si interesse. Dei skreiv ulike byrjingar, ulike sluttar, ulike skildringar osb. Dei las tekstane til kvarandre og gav respons, og øvde seg på å kome vidare. Gjennom desse vekene skreiv dei også fleire heile forteljingar som dei fekk respons på og arbeidde vidare med til eit ferdig resultat.
Arbeida til elevane viser at dei har kome seg vidare i skrivekunsten, ut frå eigne føresetnader. Elevane fekk etter kvart ei god oppbygging av forteljingane sine. Mange av elevane tok med skildringar av personar og stader i tekstane sine. Nokon av elevane utvikla skrivinga si ved å fortelje om sanseinntrykk og kva personane dei fortel om tenkjer og føler. Mange av elevane syner at dei har gjort seg nytte av kopiarket ”Kontroller teksten din”, som vi henta frå lærarrettleiinga til Zeppelin 5. Dei brukte mange av elementa frå dette inn i tekstane dei skreiv. Mange tok omsyn til respons dei har fått frå medelevar og lærar i dei neste tekstane dei skreiv.
 

CC BY-NC 4.0 Skriv ei forteljing! av Gro Kummeneje er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kummeneje, 2010
Kommune: Dingemoen Skule