Sidemeny+

PAVILJONG PÅ SOLVANG I FØRDE.

Posted on 16. apr 2010 by in Skular og barnehagar

Solvang 1

I september 2009, sto ein ny bygning ferdig mellom Sunnfjord folkehøgskule og Solvang barnehage.(Dette bygget erstatta garasjar, som elevane hadde syklane i og barnehagen hadde lager plass. I tillegg har det gitt elevane på folkehøgskulen og barna i barnehagen eit uterom for aktivitetar.

Plassering i kart

Skulen har lenge hatt behov for ein utestad for elevane. Då skulen bygde ut internatet i 2006 fekk dei kjøpe området mellom internatet og barnehagen. Området var attgrodd og det var plassert eit gamalt garasjeanlegg der. I 2007 utvida barnehagen med 3 avdelingar og trengte større leikeplass, parkering, og bod. Dette var utgangspunktet for paviljongen.
Det er arkitekt Arild Wåge ved  Nordplan som har teikna paviljongen. Den er forma som ein ”smultring”, med skiljevegar som deler opp bygningen i seksjonar. Barnehagen har tre seksjonar; bod, sandkasse med tak over, og hytte/ samlingsstad for barna. Skulen har sykkelparkering, grill, og overbygd scene. Framfor scena er det grasbakke, som eit amfi. Grillen er bygd av Kjell Halbrend, og er laga for grillkol/ved. Paviljongen har tilgang til straum, slik at ein til dømes kan steike vaflar, eller sette opp eit høgtalar-/ musikkanlegg ved behov.
Kvar dag er dei minste barna i barnehagen i sandkassa med tak over. Når det frys på, og bakken er hard, så kan det vere lite å finne på for dei minste. Då er det godt å ha ei sandkasse, som ikkje er frosen. Ved sida av sandkassa er der eit rom med tregolv. Dette høver bra til å sitte ute å ete, ha samlingsstund, eller framføringar av ulike slag, der publikum kan sitte i bakken framfor.

CC BY-NC 4.0 PAVILJONG PÅ SOLVANG I FØRDE. av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gry Sætre, 2010