Sidemeny+

Kong Arthur og resiprok undervising

Posted on 10. apr 2010 by in Pedagogikk

Arbeid med teksten

Kan resiprok undervising vere til nytte i engelsk og matematikk?

Lesing i alle fag

Plassering i kart

I skuleåret 2009/2010 har lærarane ved Dingemoen skule tatt vidareutdanning i emnet "Lesing i alle fag". Lærarane har jobba mykje med ulike læringsstrategiar. I studiet har lærarane blant anna fått gjort seg kjende med nye undervisingsmetodar, som for eksempel "Resiprok undervising". Denne undervisingsmetoden har kome i fokus blant anna på grunn av det aukande fokuset på "Nasjonale prøver", som den norske skulen har teke i bruk dei seinare åra.

Resiprok undervising

I resiprok undervising set ein fokus på lesing av tekst og refleksjon over innhaldet i det ein les. Elevane vert delt inn i grupper på 4-6 og arbeidsgongen vert styrt av 5 instruerande aktivitetskort . Gruppemedlemene skal studere teksten og arbeide seg munnleg og skriftleg gjennom den. Tanken med å gjere dette på ei gruppe, er at ein dermed får erfare korleis andre elevar tenkjer og arbeider seg gjennom ein tekst. På denne måten kan lære både av metoden og av dei andre gruppemedlemene.

Dei fleste forsøka med "Resiprok undervising" på Dingemoen skule dette skuleåret har blitt gjort i skulefaga norsk, naturfag og samfunnsfag. Sidan temaet for vidareutdanninga er "Lesing i alle fag", var tanken at det kunne vere interessant å prøve ut metoden i engelsk og matematikk.

Engelsk

Elevane var konsentrerte og arbeidsviljuge i arbeidet med den engelske teksten om "Kong Arthur og riddarane av det runde bord". Dei arbeidde nokså strukturert med teksten og følgde instruksjonen tilfredsstillande. Nokre av 6. klassingane hadde nokre vanskar med å skrive setningar på engelsk, men dei fekk hjelp av dei andre på gruppa. Elles gjekk arbeidet greitt og alle svara på arket med spørsmål, etterpå.

Matematikk

I matematikk fekk elevane det litt vanskeleg med å bruke aktivitetskorta i dei såkalla "Grublisane". Ein tekst i matematikk er nokså ulik tekstar i dei fleste andre fag. I dette faget er informasjon og oppgåvetekst sydd tettare saman enn i mange andre fag. Dette vanskeleggjer arbeidet i faget, men elevane fekk brukt delar av opplegget . Det var trong for noko meir hjelp av lærar i dette faget enn det  var i engelsk.

Konklusjon

Det vi kan dra ut av dette, er at resiprok undervising er ein undervisingsmetode som kan nyttast i dei fleste fag. I språkfag kan det vere ein idé å oversetje teksten til det aktuelle språket, medan ein i matematikk kan måtte omarbeide teksten på aktivitetskorta, slik at instruksjonen vert betre tilpassa den typen oppgåvetekst ein finn der.

Dersom du vil ha meir informasjon om praksisperioden eller andre ting om bruken av resiprok undervising på 6. årssteg, kan de klikke på bilete, praksisrapporten eller nokre av lenkjene på denne sida.

CC BY-NC 4.0 Kong Arthur og resiprok undervising av John Kåre Myklebust er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: John Kåre Myklebust, 2010