Spennande arbeid
6./7. klasse har dei siste vekene jobba med ein ny arbeidsmetode innan lesing, resiprok lesing. Elevane hadde ikkje kjennskap til denne arbeidsmetoden frå før, men var ivrige frå første stund.
Inspirerande besøk
For å motivera elev starta me arbeidet med eit forfattarbesøk. Forfattaren las eit utdrag frå den siste boka si, denne skulle me lesa seinare. I tillegg fortalde han om fordelane av å vera ein god lesar. Dette var ei fin oppleving for elevane.
Resiprok lesing
Me starta arbeidet, og i løpet ev dei neste vekene skulle me lesa tre bøker. Fokuset var ikkje på å lesa flest mogeleg sider for dagen, men å få ein god samtale rundt det me las. Elevane arbeidde i grupper på fire, der dei veksla på å ha ulike roller. Nokon slilte ulike spørsmål medan andre til dømes var ordstyrarar. Desse rollene bytte dei på til kvar arbeidsøkt. Etter me hadde lese ei bok skreiv elevane kvar si bokmelding. Her skreiv dei litt om kva boka handla om og kva dei meinte om boka. Eit av måla var at elevane skulle bli meir reflekterte rundt det dei las.
Nøgd med resultata
Resultatet av arbeidet har vorte at leselysta til mange av elevane har auka og mange av elevane har vorte betre lesarar. Etter arbeidet gjennomførte me ein leseprøve i klassen og såg at lesehastigheten til mange av elevane hadde auka og dei fekk også med seg meir av innhaldet. Me ser at dette er ein god arbeidsmåte som me kan ta med oss til andre fag. Den lar seg godt bruka også til fagtekstar
Spennande arbeid av siv hope er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.