Sidemeny+

Resiproke undervising

Posted on 13. mar 2010 by in Pedagogikk

I varmen trivst alt.

Spennande, men det tok litt lang tid med samtale og oppsummering av det me arbeidde med, var ein av kommentarane frå elevar i 10.klassen etter at dei hadde gjennomført utprøving av resiproke undervising

 

Plassering i kart

Undervisingsmetoden vart brukt i faget Natur og Miljø innafor temaet Kosthald og fordøying. Normalt er dette eit stoff som krev god kjennskap i grunnleggande organisk kjemi. Med denne metoden kunne kvar enkelt elev markere stoff som var ukjent og vanskeleg å forstå. Ved at dei arbeidde i grupper på tre kunne dei så spørje og prøve å få forklaring frå kvarandre på problema straks. Dei kunne få svar ved å utnytte kunnskapen hos kvarandre. Om gruppa ikkje hadde løysing vart dette teke opp i den påfylgjande plenumsdelen.

Resiproke undervising vart på midten av 1980-talet utvikla og systematisert av to amerikanske leseforskarar, Palincsar og Brown for å auke leseforståinga i amerikanske skuleklassar. Opprinneleg vart det brukt på amerikanske 12-13-åringar. Men seinare er det ogå brukt på eldre elevar med godt resultat.
Det er ei undervisingsform som byggjer på samtalar mellom elevane og elevane og læraren. Dette skjer både i førekant, undervegs i studiet av teksten og etterpåsamtalar med einannan om kva den lesne teksten inneheld og kva som blir forventa kjem seinare. Tekststudiet og foståinga av innhaldet blir eit samspel mellom alle deltakarane. Elevaktiviteten aukar, noko som i seg sjølv gir eit større utbytte. Grunnlaget for denne studieteknikken har Palincsar og Brown henta frå Vygotsky og Bruner. Dei hevdar at barn lærer i samspel med andre. Ei utvikling er overføring og tileigning av kunnskap mellom personar i eit sosialt samspel.

Skjedde dette så hos oss ?

Effekten av denne arbeidsmåten gjekk heilt klårt i positiv retning med tanke på auka aktivitet for å tileigne seg stoff. Men utprøvingsperioden var for kort til å gje eit eintydig svar. Var det nyfikna som ga utslag i meir konsentrasjon og dermed betre forståing, eller var det arbeidsmetoden og samtalane som ga resultatet ? For eigentleg ligg ikkje denne arbeidsmåten så langt borte frå den som til vanleg blir brukt. Skilnaden ligg i hovudsak på at teksten blir lesen av kvar enkelt heime istadenfor i grupper på skulen. Samtalar og spørsmål er alltid ein del av det som føregår i klassen. Men det vekte såpass interessanne reaksjonar at dette må prøvast vidare.

Kjelder:
Andreassen, R. (2007). Eksplisitt opplæring i leseforståelse.
 

CC BY-NC 4.0 Resiproke undervising av Helge Takle er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Helge Takle, 2010