Sidemeny+

Lesing på kryss og tvers, høgt og lavt og overalt – nesten

Posted on 13. mar 2010 by in Pedagogikk

Rettleidd lesing i praksis

Stillelesing, Løkolesing og lesing i kor er berre nokre av aktivitetane på Brekke skule dei siste vekene. Eit prosjekt med Rettleidd lesing som hovudmetode har stått på timeplanen til 1.-3. klasse, to dagar i veka.

Plassering i kart

Kva er rettleidd lesing?

Som eit ledd i vidareutdanninga Lese og skrive i alle fag har lærarane her på skulen drive med ulike prosjekt innan lesing og skriving. Rettleidd lesing er ein metode som er utvikla på New Zealand, der målet er å auke lesekompetansen til elevane. Les meir…

Korleis gjennomføre rettleidd lesing?

Rettleidd lesing var ein av fem «postar» i stasjonsundervisinga. Elevane vart delt i homogene grupper etter kor langt dei var komne i leseutviklinga si. På kvar gruppe var dei 3-4 elevar, som gjekk «frå post til post» saman. Uansett kva stasjon elevane var på var det lesing som stod i fokus. Målet var å gjere dei til betre lesarar ved å gje dei gode lesestrategiar og leselyst. Som bileta viser var elevane aktive og motiverte til innsats.

Kvifor rettleidd lesing?

Lesing er ein av dei grunnleggjande ferdigheitene kvar enkelt elev skal tileigne seg, jf Kunnskapsløftet. Sjølve situasjonen i rettleidd lesing, det å få sitte med fire elevar og konsentrere seg om ei oppgåve utan å verte forstyrra, er ein god situasjon som det er vanskeleg å få til i ein travel kvardag. Elevane viste også at dei treivst i situasjonen ved at dei følgde med og var engasjerte i samtalen. «Kjekt» og «gøy» er berre nokre av superlativa elevane i etterkant brukte for å beskrive kva dei syns om metoden. Klart det er både kjekt og gøy å kunne ha ein lærar nesten åleine i 15-20 minutt!

Det har vore ei tid med mange ”aha”-opplevingar, f.eks. elevar som plutseleg skjønte at dei las, og andre elevar som hadde lese boka før og kunne gjenfortelje heile handlinga ved å sjå på framsida. Andre artige situasjonar vi opplevde var f.eks. ei gruppe førsteklassingar som evaluerte tittelen på ei bok og fann ut at ein anna tittel hadde vore meir passande. Les meir

Rettleidd lesing som metode er ein arbeidsmåte vi utan tvil kjem til å bruke vidare her på skulen vår. Så får framtida vise om elevane våre vert betre lesarar.

Praksisrapporten kan de lesa ved å trykke pdf-fila til høgre.

Skrivestasjon:
Etter Rettleidd lesing gjekk gruppene direkte til denne skrivestasjonen der dei fekk oppgåver knytta til boka dei nettopp hadde lese. Elevane var flinke å klare seg sjølv på denne stasjonen. For å hjelpe på minnet til elevane, låg eit eksemplar av boka på bordet, samt ark og blyantar så dei slapp å dra rundt på penal og sekk. Elevane hadde kvar si mappe som dei la arka sine inn i. Denne mappa hadde fast plass, så alle visste kvar dei fann mappa si.
Stillelesing:
Her fekk elevane eit utval lettlestbøker, frå dei med berre store bokstavar til andre med små og meir tekst enn bilete. Etter kvar leste bok skulle elevane fylle ut eit blad til lesetreet, med tittel, forfattar, antal sider og ein kommentar om korleis boka var. Dei yngste elevane trengte ein god del hjelp på denne stasjonen, både til lesing og til skriving. Dette gjorde at den vaksne på denne stasjonen til tider måtte la alle dei andre tre-fire gruppene klare seg sjølv medan ho hjelpte ei. Det vart også ein del uro når mange på same tid skal finne seg ei ny bok å lese.
Lesespel:
I første runde hadde me sett fram for lite spel. Det vart difor ein del uro denne dagen. Det løyste seg etter kvart som me fekk meir å tilby elevane. Elevane kosa seg med Løko, og kunne sitte ganske lenge med ei oppgåve. I ettertid ser me at dette er ein aktivitet det er lett å ty til om ein har bruk for det, i andre timar og fag. I dette prosjektet var det lesing som var i fokus, men skulen har oppgåver både i matematikk og engelsk til desse Løko-bretta.

Datastasjon:
Elevane kunne her velje mellom DrillPro, eit tastaturtreningsprogram, og Nynorskbuketten. Det siste er eit program som utfordrar elevane i lesing på ulike nivå, frå å gjenkjenne bokstav til å skrive setningar. Dei fleste valde Nynorskbuketten. Her var det interessant å sjå korleis ein førsteklassing klarte å gjenkjenne bokstavar, medan ein annan ”åt opp like ord”. Det var ein orm som gjorde den jobben, men eleven styrte den. Ingen av desse hadde knekt lesekoda, men klarte likevel å løyse oppgåvene på skjermen.

Data er eit hjelpemiddel som kanskje er for lite brukt i småskulen, til tross for at det er eit av hovudområda i Kunnskapsløftet. (LK, 2006: 39) I denne samanhengen var det ein populær stasjon som dei fleste gledde seg til å kome på.

CC BY-NC 4.0 Lesing på kryss og tvers, høgt og lavt og overalt – nesten av Oppedal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Oppedal, 2010
Klassetrinn: 1.-3. kl
Kommune: Brekke