Sidemeny+

Kjekt eller seigpining?

Posted on 27. mar 2010 by in Pedagogikk

Lesekroken

Vi har så alt for mange gonger høyrd at vi lærarar analyserer i hel bøker og øydelegg leseopplevinga til dei unge. La dei få sine skjønnlitterære opplevingar i fred!, seier dei.

Plassering i kart

Kritiske røyster

Lærarstanden har med ujamne mellomrom fått kritikk for å ”plukke” litteraturen frå kvarandre, og på den måte øydelegge den litterære opplevinga for mange elevar. På nettsidene til Foreningen !les står det blant anna ” Vi tror for mye tekstanalyse kan redusere gleden av å lese.” Nå har dei moderert seg noko sidan oppstarten og legg til ” Men det er heller ikke noe mål for oss at utdrag ikke skal diskuteres.” Eg grublar litt over kor mykje ”for mye tekstanalyse” er, og håpar eg held meg for god til det. Og eg undrar meg på om det er lærarar som Elias Rukla, i Dag Solbakkens roman ”Genanse og verdighet”, som ligg til grunn for foreininga si otte.

Resiprok undervisning

No er det slik at andre røyster tek til orde for at lærar, sjølvsagt i samhandling med elevane, må snakke om det elevane les. Ja, det er så gard gjort fleire undersøkingar som syner at elevane skjønar meir av det dei les, når dei berre får snakke om det. Og ikkje minst når dei får høyre andre si tolking av det dei har lese. Midt på 1980-talet presenterte de amerikanske leseforskarane Brown og Palincsar eit leseprogram dei kalla resiprok undervisning. Resiprok tyder gjensidig, og gjekk ut på at ein gjennom samtalar i forkant, undervegs og etter ein hadde lese ein felles tekst, skulle reflekterer, stille spørsmål og føregripe vidare lesing. Når dette skjedde i samspel mellom elevar og lærar og mellom elevar og elevar , erfarte dei at elevane utvikla ei betre tekstforståing. Då gjenstår det å undre seg over om tekstforståing og gode leseopplevingar heng saman… 

Mi erfaring

Eg må med ei viss raudne i kjakane innrømme at eg omtrent alltid analyserer tekstane eg les saman med elevane. Ja, eg unngår sjølvsagt så godt det let seg gjere å la mitt syn råda, men det hender eg ymtar frampå med teoriar som har dukka opp hjå meg og. Så langt har eg, når eg spør elevane, fått positive tilbakemeldingar på det å gå i djupna på ein tekst. Dei forstår ofte meir, dei får med seg fleire detaljar og dei dannar seg betre indre bilete enn om dei berre les åleine. I den praksisen eg har gjennomført no, med resiprok undervisning, seier 100% av elevane at det er med på å gjere leseopplevinga betre når dei kan snakke om det har dei lese. Sjølvsagt betyr det ikkje at dei alltid vil like all litteratur dersom ein berre pratar nok om den, men dei vil i større grad vere i stand til å vurdere det dei les.

Vel..

Kanskje det ikkje er så farlig å snakke om tekstar, og gå i djupna på det ein les saman med dei unge. Det handlar kanskje mest om korleis ein gjer det. Den resiproke lesemodellen er ein modell som legg til rette for at elevane skal vere dei mest aktive i prosessen. Når elevane sjølv får komme med sine tankar og oppfatningar, så er det kanskje med på å understreke og forsterke det dei opplever, og ikkje ei seigpining som drep lesegleda… 

CC BY-NC 4.0 Kjekt eller seigpining? av Laila Røkenes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Laila Røkenes 2010
Kjelder: Andreassen, R. (2007). Eksplisitt opplæring i leseforståelse. I Bråten, I. (red.), Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet ? teori og praksis. (s. 252 ? 282). Oslo: Cappelens Forlag.