Sidemeny+

Gode råd i gammal isolasjon

Posted on 12. mar 2010 by in Kunst og kultur

Helsebladet hadde opplsyningar og råd knytt til fleire stadier i livet frå barndom til alderdom.

Dersom du har anlegg for å få krampe nytta det ikkje å ta seg arbeid på stader der du kan falle ned. Har du anlegg for svimmelheit bør du ikkje ta arbeid som krev arbeid i stilas. Dette er ikkje tull! Det er viktig å ta eit godt gjennomtenkt yrkesval og komma seg på rett hylle her i livet.

Plassering i kart

Folkeopplysning frå førtitalet

Under andre verdskrig sende styremaktene ut ”Helsebladet” som gav folk desse og fleire andre råd. Som alle andre familiar fekk husstanden i Brennehagen i Feios dette bladet oppunder jul i 1944.

Om bladet vart lese i Brennehagen kan me ikkje seia noko om, for dei som budde der lever ikkje lenger. Det me veit er at dei har funne nytte i bladet då dei brukte det som isolasjon i veggene. Om lag 60 år seinare flyttar ein nederlandsk familie inn i huset og finn ut at dei vil isolera huset betre. Dei opplever det same som mange andre som pussar opp eldre hus; det gøymer det seg skattar i veggene som fortel om fortida.

Noko spennande krigsstoff?

Eg var så heldig at mannen i den nederlandske familien gav bladet til meg. Dette høyres jo spennande ut, sa eg og takka ja. Eit blad frå 1944! Då såg ein utfallet av krigen ganske tydeleg ; Nazi- Tyskland sleit med å stå i mot dei allierte. Og kva stod det om krigen? Først vart eg litt skuffa, her var ikkje krigen nemnt med eit ord. Kvifor undra eg meg?

Når eg studerte bladet litt nærmare såg eg to artiklar som gir ein peikepinn om at landet er i ein spesiell situasjon. Først kjem eg til ein artikkel som handlar om sparing av såpe og vaskemiddel; Tørk av tallerkener med papir eller skyll av dem før oppvasken (…) La ikke tøy bli skittent før vask. Såpe og vaskemiddel var ikkje enkelt å få tak i under krigen og hygiene var viktig for at folket skulle halde seg friske. På siste sida er det ein artikkel om evakuering i tilfelle styresmaktene gir løyve til eller tilrådar evakuering. Lesarane får ganske detaljert informasjon om kva dei då bør pakke og ta med seg, utan at krig og flukt er nemnt med eit ord. Hadde me ikkje visst at det var krig, så hadde dette verka underleg.

Fortel om krigen utan å seia noko

Sjølv om det ikkje noko som fortel om at landet var i krig, så er det ein del ting som kjenneteiknar den tida som landet var inne i. At ikkje krig vart omtalt reiser mange spørsmål. Redaktør for bladet var Medisinaldirektør Th Østrem . Han var ein av Qusling sine trufaste kampfeller under 2. Verdskrig og det var kanskje ikkje i styresmaktene si interesse å skriva noko om krigen då det kunne føre til ytterlegare motsand til nazistyresmaktene.
 

Kan bladet fortelja noko anna om denne tida?

Me kan likevel ikkje på grunnlag av ei kjelda seia noko bestemt om dette og kvifor det har seg at dei ikkje var noko skrive om krigen. Då måtte me i så fall studert meir av det informasjonsmateriell som finst frå krigen sine dagar. Det me kan seia er at nazistyremaktene gjorde som styremaktene også gjorde etter krigen, nemleg at dei opplyste folket om helse og moral. Dagens styremakter legg ikkje så mykje vekt på dette. Skuldast det at me er meir opplyste i 2010 eller at media har overteke rolla med å fortelja oss kva me skal gjera og ikkje?
 

 

CC BY-NC 4.0 Gode råd i gammal isolasjon av Bjarnhild Samland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bjarnhild Samland, 2010
Kommune: Feios