Sidemeny+

Den gode lesaren

Posted on 23. mar 2010 by in Pedagogikk

Lærar rettleiar elevane gjennom teksten.

Framandspråklege elevar har vanskar med å forstå ord og begrep i tekstar dei les på norsk. Rettleidd lesing er ein metode som er ideell å bruke i språkopplæringa for tospråklege elevar.

Plassering i kart

 Lærarstyrt

Den tydelege og strukturerte læraren må vert tilstades når det gjeld leseopplæring og leseforståing. Mange har etterkvart utvikla metodar som hjelper elevane til å verte betre lesarar, og gjev dei betre leseforståing. Ein av desse metodane, rettleidd lesing har vorte utvikla og prøvd ut på New Zealand, og har no vorte teken i bruk i mange skular i Noreg. Metoden vert gjennomført i små grupper med lærar som rettleiar elevane gjennom teksten dei skal lese. Metoden har vist å ha stor effekt i andrespråksopplæring.

«Alle les ned sida !»

Mange tenkjer at det berre er å lese gjennom teksten, og så har ein fått med seg innhaldet. Slik er det ikkje for dei fleste elevar. Andrespråkselevar som kjenner det norske alfabetet kan verke som gode lesarar fordi dei meistrar teknikken, men kan mangle heilt forståinga for innhaldet. Førlesingsfasen er svært viktig for alle elevar, og særleg for born med norsk som andrespråk. Å sjå på bilete og samtale om kva teksten kan handle om, hjelper borna til å få knaggar å feste ord og innhald til. Ord og omgrep som ein nyttar i denne fasen vil dei gjenkjenne under sjølve tekstlesinga. Også i gjennomgangen av teksten er det bra for elevane at ein stoppar opp for å klargjere ord,omgrep og gramatikalske reglar.  Etterlesinga hjelper til å forstå teksten betre, og innhaldet «set» seg. Dette kan gjerast på ulike måtar; ein kan attfortelje med ord frå teksten, ein svarar på spørsmål frå boka, ein kan dramatisere eller teikne til.

I love this book

Det er viktig å bruke bøker som er tilpassa elevane i innhald og vanskegrad. Bøker frå Leseuniverset, som er små og korte med 11 ulike nivå, er fine til rettleidd lesing. For framandspråklege born er bøkene konkrete med bilete på kvar side, lite tekst og eit innhald som høver for alderen. Bøkene er lette å tilpasse i forhold til ordmengda eleven kan meistre. Når bøkene er tilpassa i nivå vil dette føre til at elevane vert meir motiverte for lesinga og innhaldet.

 

 

 

 

CC BY-NC 4.0 Den gode lesaren av Eva Kyrkjebø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kyrkjebø,2010