Sidemeny+

SOLIDARITETSARBEID I BARNEHAGEN.

Posted on 1. des 2009 by in Pedagogikk, Skular og barnehagar

"DER er Omis!"

Hjetland barnehage i Høyanger deltok i haust på FORUT sin landsdekkande barneaksjon: "Omis får nye venner". I det daglege arbeidet med barna snakkar vi om å vere gode med kvarandre. I tillegg oppfordrar vi dei til å hjelpe kvarandre. Vi ønskjer å lære barna å bry seg om andre og vere med å hjelpe andre som har det vanskeleg. Omsorg og empati er viktige verdiar i eit samfunn. Høyanger er som mange andre tettstader blitt eit samfunn med eit stort kulturelt mangfald. Tidlegare har vi sett at folk i Høyanger kommune har lang gjevartradisjon i ulike innsamlingsaksjonar. Dette såg vi igjen i barnehagen når vi var med på Forut sin barneaksjon.
 

Plassering i kart

OMIS 

Gjennom FORUT sin barneaksjon vart vi kjent med OMIS, 9 år, som kjem frå Nepal. 2-4 åringane i barnehagen jobba med materiell som t.d. store fargerike plakatar frå kvardagen til Omis, historiar og bilete frå Omis sin kvardag, lottospel, dvd og musikk cd. Visesongaren Geirr Lystrup har laga si tredje barneplate for FORUT sin barneaksjon; "Sangen om Omis". Desse songane er svært populære, og barna syng gjerne både i samling og uteleik. 1-2 åringane jobba mest med dyr. Der valte vi ut dyra løve, apekatt og elefant. Vi hengte opp bilete av dyra og lærte namna på desse. Vi leika løver, apekattar og elefantar, noko som var både spennande og skummelt.

 ANDRE LEVEKÅR 

Vi får innblikk i heilt andre levekår enn barn i Noreg er vant til. Dyr som t.d. elefantar og apekattar er òg med på å gjere det ekstra spennande for ulike aldersgrupper. Målet er å skape nysgjerrigheit, toleranse og forståing som fremmar empati og fører til vennskap og solidaritet. Slik kan ein unngå stakkarsleggjering og ”synast-synd-på-følelse”. Gjennom å delta i FORUT sin barneaksjon får norske barn synt engasjement og solidaritet med barn andre stader i verda. Solidaritet i praksis. Ved å delta i denne aksjonen jobbar personalet tverrfagleg. Vi jobbar med språkleg og kulturelt mangfald og dekker opp svært mange av fagområda frå rammeplanen. Vi avslutta temaet med å invitere til foreldrekaffi. Barna hadde hatt bakedagar der dei laga eplekake, muffins og banankake. Vi hadde òg sal av Forut sine produkt. Resultatet av salet vart på: kr 3818,-

 

Lenker:

Hjetland barnehage
Gjevartradisjon
FORUT
Språkleg og kulturelt mangfald
Rammeplanen

 

CC BY-NC 4.0 SOLIDARITETSARBEID I BARNEHAGEN. av Anne Britt Skjerven er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Mannsåker, Skjerven, Skår, 2009