Norsk songdans og songleik for barn

Dans i fellesskap
Mestring, glede og fellesskap i dans fann plass i Vadheim barnehage i fjor. Ein vaksen som hadde interesse for norsk songdans og songleik jobba hos oss og sette oss i sving.
Plassering i kart
I fellesskap
Både store og små begynte å beherske samarbeidet i dansen. Vi måtte lære oss å vente på tur, hjelpe kvarandre og prøve å gå i same rytme. Danseøvingane byrja spontant i uteleiken. Dei borna og vaksne som ville vere med, brukte fotballbana på skuleplassen. Vi ”smitta” kvarandre med glede. Det tok ikkje lange stunda til at fleire av borna ville vere med.
Som sommaravslutning inviterte vi foreldra, besteforeldra, tanter og onklar til grillfest i barnehagen. Høgdepunktet var at dei som ynskja det, stilte seg i ein stor ring på fotballbana der vi i fellesskap dansa fleire songdansar og songleikar. Gleda som strålte frå store og små var ei bekrefting på at dans i fellesskap kan skape mykje glede.
Ta vare på tradisjonar
Mestring vil seie at vi måtte øve oss ofte for etterkvart å kunne dansen og leiken. Samtidig måtte vi lære oss songen som gikk parallelt med dansen. Dette klarte borna med glans. Vi vaksne forventar ikkje at barnegruppa skulle klare alle dei svingar, teljingar og klappingar heilt riktig. Gleden ved sjølv å danse og gleden ved å ta vare på tradisjonsuttrykk var målet vårt.
Formidling vidare til nye generasjonar, skape glede i fellesskap gjennom norsk songleik og songdans dukka opp i Vadheim barnehage heilt tilfeldig. Men vi ynskjer at denne tilfeldigheita forvandlar seg til noko meir konkret. Mykje planlegging trengst ikkje, men ein vaksen som kan dette og brenn for det, er viktig for å kunne formidle songen og dansen vidare til personalet og borna.
Norsk songdans og songleik for barn av Maria Lorena Munoz er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.