Sidemeny+

Kanonhaugen i Auklandsvegen

Posted on 1. des 2009 by in Krigsminne, Pedagogikk

Kanona i Havreneset

Kanona i Havreneset er eit synelg minne etter den andre verdenskrig. Det er berre ei kanon som står igjen på denne kanonhaugen. Dei  to andre kanonpunkta står tomme. Flora krigshistorielag har teke på seg oppdraget å oppgradere dette området. Dei har reinska området ved kanona og sikra det med  gjerde.Dei har og funne fram til den opprinnlege tunnelen som var  mellom kanonpunkta slik at ein kan gå gjennom den. Dette er både spanande  og skummelt.
 

Plassering i kart

Kanona som temaarbeid
Nyheimvegen barnehage i  Florø har kanona som nærområde og barnehagen har utvikla ein temaperm for bruk av kanona. Området rundt er eit populært turmål for barnehagen. Det er eit fint og variert turområde med mange utfordrande klatretre på det historiske området. På kanona klatrar og leikar barna  og undrar seg over bruken av kanona. 

Digital praksis
Barnehagen har faste turdagar i nærmiljøet. Kanona kan vera døme på turmål. Dei vaksne har med kamera som vert brukt både av vaksne og barn. På gruppedagane får borna velja ut bilete som dei skal ha i permen sin. Dei skriv ut bileta saman med ein vaksen. Bileta er ein del av samtalegrunnlaget som vert brukt i kommunikasjon, språk og tekst. Foreldra har gitt positive tilbakemeldingar på bruken av biletperm. Digitale verktøy påverkar arbeidsmåtane i barnehagen og gjer det lettare å arbeida i samanhengar som er meiningsfylte. Ønskjer ein å arbeida innan hovudområdet tal, rom og form bruker ein bilete/video frå kanonområdet som utgangspunkt for arbeidet.

 

CC BY-NC 4.0 Kanonhaugen i Auklandsvegen av Liljan Kvalheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Liljan Kvalheim, 2009