Sidemeny+

Adventskalender – der ein gir istadenfor å få

Posted on 9. des 2009 by in Pedagogikk

4 pakkar er opna

Tradisjonen med adventskalender oppstod tidlig på 1900-tallet som dekorerte papplater med nummererte luker med små bilete eller gåver bak. Seinare vart det luker med små plastfigurar eller små sjokolader. Det har vore ei utvikling av adventskalendaren dei siste åra der det er vorte større og større gåver i kalenderen til barna. I dagens samfunn får barn mykje, det skapar ei forventning om å  få meir og meir, kjøpepresset vert større og større. Dette presset har auka også når det gjeld gåver i adventskalendaren.

Plassering i kart

Adventskalender i Tusenfryd barnehage 
Tusenfryd barnehage har i mange år hatt ein adventskalender der føremålet er å gje, å dele med andre som har lite, og å vise omtanke med andre. Barnehagen startar med ein kalendar som er tom, og endar med ein kalendar som er full av brukte leikar. Vi ynskjer at kvart barn kan gje bort ein av sine eigne leikar. Det er ikkje verdien av leiken som tel, men tanken bak er å dele med andre. Det å gje bort ein av sine eigne leikar kan vere vanskeleg for eit barn, så personalet brukar tid på denne prosessen for å motivere barna. Vi oppfordrar også foreldra til å snakke med barna om kvifor vi må dele med andre. Vi ynskjer derfor ikkje at det er ubrukte leikar som er kjøpt inn for å bli gitt vekk til adventskalendaren .

Eit samarbeid med Barmhjertighetssentralen
Kvart barn kjem med ein leike som er innpakka som presang. Det vert opna ein pakke for kvar dag, i adventsamlinga i barnehagen trekkjer vi lapp om kven sin dag det er å opne sin pakke. Barna får vise kvarandre kva leike dei vil gje til eit barn som treng det. Pakkane heng på adventskalendaren på datoen den vart opna til jula er over, då sender vi leikane til ein barneheim. Dei siste åra har vi sendt leikane til Ukraina, via Barmhjertighetsentralen.Vi håpar desse gåvene kan glede ein liten gjevar, og varme ein liten mottakar som treng oppmuntring i kvardagen.

 

CC BY-NC 4.0 Adventskalender – der ein gir istadenfor å få av Elin Røyseth er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Elin Røyseth, 2009