Sidemeny+

Vil gjere historien levande

Posted on 20. nov 2009 by in Immateriell kulturarv

Foto: Dag Rune Stedjecbn

Frå stova i brakka

– Me må ta vare på sjela og den atmosfæren som var. Dette seier Egil Jørgen Lund, ei av eldsjelene i arbeidet med å restaurere ei gamal brakke frå krigen. 

Plassering i kart

Restaurering av brakke
På Årdalstangen har ivrige medlemar av sogelaget lagt ned eit godt stykke dugnadsarbeid. Den einaste fangebrakka som står att er  pussa opp for å dokumentere Årdal si nære fortid. – Dette er kultur me må ta vare på, seier Lund, styremedlem  i Årdal sogelag og ein av initiativtakarane. For tida held dei på med å restaurere eit rom som viser korleis dei russiske fangane budde. Frå før er tre rom, kjøkken, stove og soverom gjort i stand.Her ser me korleis pendlarane budde i tida etter krigen. – Me vil gjere det mest mogleg autentisk og har difor samla inn møblar og anna inventar for å verkeleg syne korleis det var.

Kvifor kom dei til Årdal?
Det var hundrevis av brakker i Årdal under krigen, men det er berre denne i Saltviki som står att. I perioden 1940-43 budde  det for det meste opp mot 1500 menneske i brakkene på Årdalstangen. Dei fleste av desse var fangar frå Russland, men det var og franskmenn og nordmenn, fangar og friviljuge. Desse vart sett til å arbeide med oppbygginga av aluminiumsverket  som tyskarane hadde sett i gang. Etter krigen vende mange attende til heimlandet, nokre vart tvansendte like før krigen var over medan nokre vart att. Arbeidsinnsatsen var det så som så med, ofte vart arbeidet sabotert av fangane, noko som forsinka arbeidet.  

Framtida til brakka
– I tillegg til å ruste opp brakka, er me svært interessert i at folk brukar ho aktivt. Huset må bli levande, seier Lund, og vonar at både lag og organisasjonar i bygda vil nytte brakka som møtelokale og til anna samkome. – Kor mange dugnadstimar som har gått med, er uråd å seie, men når me no ser kva me har fått til, så  er me stolte. To rom står framleis att, men no er me i gang med desse og.  Me har alle eit ansvar for at den oppveksande generasjonen kjenner til historia. Viss dette ikkje vert teken vare på, sit me med eit hol i historia vår.  Årdal sogelag fekk  kulturprisen av Årdal kommune i 2005 for arbeidet dei har gjort med denne restaureringa.

CC BY-NC 4.0 Vil gjere historien levande av Dag Rune Stedje er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Dag Rune Stedje,2009
Kjelder: Munnleg informasjon frå: Egil Jørgen Lund, f.1946, Årdal kommune Sogns Avis
Kommune: Årdalstangen