Sidemeny+

Undervisningsopplegg utanfor skulen skapar stort engasjement.

Posted on 18. nov 2009 by in Museum, Pedagogikk

Mellomalderprosjekt utanfor klasserommet

Elevane i 5. klasse ved Lærdalsøyri skule hadde ein annan skulekvardag då dei vitja Borgund stavkyrkje. Dei har gjennomført eit stort mellomalderprosjekt og besøket til kyrkja var ein av fleire spanande tiltak som stod på programmet.

Plassering i kart

Borgund stavkyrkje best bevart i landet
Utgangspunktet for prosjektet var ein ekskursjon til Borgund stavkyrkje. Stavkyrkja er ein av dei lokale skattane frå mellomalderen i Lærdal. Borgund stavkyrkje som er frå ca.1150 er ein av dei best bevarte stavkyrkjer her i landet. Kyrkja blei spart for store endringar eller riving på grunn av fattigdom i prestegjeldet. Dette unike historiske utgangspunktet i Lærdal, skulle føre elevane rett inn i mellomalderen.

Ekskursjon med guide
Ved stavkyrkja blei dei 26 elevane delt i tre grupper. Ei gruppe fekk omvisning i kyrkja med guide. Elevane blei kjende med korleis kyrkja vart bygd og utsmykka, men også korleis kyrkja blei brukt i mellomalderen. Elevane fekk sjå den gamle døypefonten i kleberstein, og blei fortalt om rituala under dåpen. 

Frå offerstein til alter
Det gamle steinalteret framme i kyrkja blei også vist. Det er mogleg at alteret først blei brukt som offerstein, før den blei teken i brukt i kyrkja. Holet midt i steinplata på alteret  tyder på dette. Før kristendommen kom til Noreg ofra menneska til dei gamle gudane. Dei slakta dyr på offersteinen, og blodet kunne renne ned gjennom holet. Alteret er ikkje datert, men kan vere mykje eldre enn kyrkja. Elevane hadde mange spørsmål til guiden, og viste tydeleg interesse. 

Andre oppgåver i ekskursjonen
Den andre gruppa fekk ei teikneoppgåve i Borgundsenteret. Dei skulle finne ein detalj frå stavkyrkja å teikne denne nøyaktig. Den tredje gruppa hadde som oppgåve å svare på spørsmål som dei kunne finne svar på i utstillinga på senteret. Gruppene rullerte slik at alle kom på dei tre ulike stasjonane denne dagen.

Borgundsenteret
Sjølve senteret som er meint som informasjonssenter for Borgund stavkyrkje, stod ferdigstilt i 2005. Her er det blant anna ei fin utstilling av gamle gjenstandar som er funne i stavkyrkja. Vidare finn ein her mykje informasjon og bildedokumentasjon om kyrkja. Det er også utstilt ein kopi av, og detaljar frå stavkyrkja. For turistar er det moglegheit til å kjøpe seg mat og suvenirar. Informasjonen, som senteret formidlar på ein svært god måte, var til stor nytte for elevane. 

Prosjektmetode som arbeidsform
Lærarane i 5. klasse meiner at prosjektform er ein fantastisk måte å jobba på. Dei meinar at læring ikkje berre føregår i klasserommet, og har difor laga eit undrvisningsopplegg der dei har lausreve seg frå klasserom og lærebøker. Dei har prøvd å finne alternative arbeidsmetodar for å lære elevane det meste om mellomalderen. På denne måten kunne elevane vere meir aktive i sin eigen læringsprosess. Gjennom dette prosjektet har elevane oppnådd fleire målsetjingar frå kunnskapsløftet. Prosjektet som arbeidsform eigner seg også godt til å kunne gjere individuelle tilpassingar. Arbeidsmengd og vanskegrad kan enkelt bli tilpassa til både svake og resurssterke elevar i følgje lærarane. Elevane har gitt uttrykk for ar dette var ein kjekk måte å lære på.

For å sjå "røykfylt årestove skapar mellomalderstemning" trykk her

For sjå "reisa til mellomalderen trykk" her

For å sjå "pilegrimsferd- ei vandring til Borgund stavkyrkje trykk " her
 

CC BY-NC 4.0 Undervisningsopplegg utanfor skulen skapar stort engasjement. av Johanna Jansen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jansen, 2009