Turn er topp
Turngruppa i Lærdal har lange tradisjonar. I over tredve år har dei vore med på å skapa viktig kulturaktivitet blandt born, unge og vaksne. " Hugsar du me stod og turna med kvite foldeskjørt og raude turndrakter? Me var so søte!" seier Trine Grøttebø, noverande leiar i turngruppa i Lærdal.
Plassering i kart
Historikk
Turn har eksistert i mange år, og det var eit stort turnmiljø i Lærdal før i tida. På 70- talet vart gruppa starta oppatt av 3 ivrige damer som ynskte å skapa ein god aktivitet for born. Venke Åretun, Rut Jerving og Bodil Andersgaard var pådrivarar og turn vart nummer ein i aktivitet blant jenter. Det var helst slik at aktivitetane var skilte mellom gutar og jenter, so fotball høvde best for gutar, og turn for jenter. På denne tida var turn ei stor gruppe, nærare 80 jenter var med på dei ulike partia. Dei deltok på lokale stemner her i Indre Sogn og Landsturnstemner. Dersom du spør damer i 30 og 40 åra i dag om dei var med på turn, vil nok flesteparten av dei svara "Ja!" og få stjerner i augo, også vil dei uoppforda byrjå å fortelje med innleving "Hugsar du dao….?" Opplevelsane er mange og viktige, sett i eit kulturperspektiv.
Mange er med
I år er det over 110 medlemmar i turngruppa og halvparten av desse er born. Dei seinare åra har gutar vorte med på laget. Turn er ein allsidig og grunnleggjande idrett. Den er basisen i mange idrettar, og det visar seg at fleire og fleire toppidrettsutøvarar tek i bruk turn som eit supplement til sin eigen idrett.
Turnguru
Bodil Andersgaard er eit kjent namn i denne samanhengen, og vert som eit synonym til turngruppa. Ho var leiar for turngruppa i ei årrekke og var turntrenar for ulike parti, både born og vaksne. For denne store og viktige innsatsen fekk ho i 1999 kulturprisen hjå Lærdal Kommune. Ho har også motteke Sogn og Fjordane Gymnastikk og Turnkrets sin fortjenestemedalje i sølv for innsatsen sin i turnmiljøet.
Tilbod til alle
Tilboda er mange i turngruppa. Trenarane er foreldre og andre vaksne som frivillig stiller opp, og tek eit dugnadsarbeid for sine eigne og andre sine born.
For dei yngste under skulealder er det Gymleik, der dei grovmotoriske ferdigheitene er sett i fokus. Ellers er det eigne turnparti for 5.-7. og 8.-10. klasse. Her øver dei inn danseprogram, akrobatiske øvingar og pyramidar. I dei seinare åra har dei utvida tilbodet med trampett og airtrack. Sistnemnde er ei gedigen luftmadrass med god sprett, som gjer at trening på tekniske turnøvingar vert enklare.
Dameturn
Dameturn har vore ein viktig del av turngruppa. I 1983 fann nokre damer på at dei ville vera med på turnlaget sjølve, så dei øvde inn eit turnprogram og reiste på Kretsturnstemne til Stryn. Dei likte seg veldig godt i denne "nye" familien, for her er det plass til alle uansett alder og kjønn. Etterkvart som åra har gått har det komme fleire damer til, og dei har delteke på Krets-, Vestlands- , Lands- og ikkje minst Verdsturnstemner. På sistnemnde Gymnatrada i Dornbirn deltok 6 damer frå Lærdal saman med 30 000 andre gymnastar frå heile verda. "Ei fantastisk oppleving, som alle burde delta på ein eller anna gong i livet!" seier Idunn Nedberge Hille, aktiv turndame gjennom 30 år.
For ungdommar og vaksne er aerobic og step populære tilbod, og i 2007 investerte turngruppa i 11 nye spinningsyklar. Dette tilbodet har auka medlemstalet ytterlegare og gjort tilbodet breiare og betre. Menn er no aktive i gruppa att.
På alle treningar er musikk, rytme, bevegelse, sosialt samvær og smil viktige ingrediensar for ein vellukka time. "Alle er velkomne til ein prøvetime," avsluttar Trine. Gå inn på turngruppa LIL sine heimesider her.
Turnstemne i Lærdal 2010
Dersom du ynskjer nærare informasjon om stemnet i Lærdal til våren bør du gå inn på denne sida.
Som skribent og nysgjerrig på alt som ligg på nettet, so har det vorte ein del "googling" isamband med artikkelskrivinga. Kom over denne bloggen, og tykte den var kjekk lesnad. Her kan du lesa ein "turnblogg" frå ei aktiv jente i turnmiljøet vårt. Me veit at turn betyr mykje for dei unge i Lærdal, utifrå tilbakemeldinga frå dei sjølve og frå foreldre.
Turn er topp av Monica Hille er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.